Kjem laksen din tilbake?

LUKKA: MDG er det einaste partiet som stiller krav til både lukka og rømmingssikre anlegg, betre fiskevelferd og ein konkret og snarleg tidsfrist for gjennomføring, skriv artikkelforfattaren.

LUKKA: MDG er det einaste partiet som stiller krav til både lukka og rømmingssikre anlegg, betre fiskevelferd og ein konkret og snarleg tidsfrist for gjennomføring, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEr du blant dei 60.000 menneska som årleg betaler fiskaravgifta som gir løyve til å drive laksefiske? Eller er du ein grunneigar som opplever at stengde lakseelver fører til økonomisk tap frå lakseturisme?

Om ikkje det, må du vere uroa for tapet av biologisk mangfald, at den einaste ville arten av laks i Europa, som har vore ei matkjelde i Noreg sidan sist istid, er sterkt redusert.

Den 16. juli kunngjorde Miljødirektoratet at laksefisket i 54 vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert avslutta 14 dagar tidlegare enn fastsett fordi det er fanga lite fisk i elvene. Laksefisket blir stansa 17. august i staden for 31. august for å sikre nok gytefisk i elvene til hausten for å nå gytebestandsmåla. I nokre av elvene har berre 26 prosent av gytebestanden kome tilbake til elvene sine. Tal under 20 prosent er rekna som total kollaps, så framtida til heile arten står på spel.

Det er bra at Miljøverndepartementet tek tak i tjuvfiske som er ei medverkande årsak til at det er mindre laks i elvene enn vanleg, men både Miljødirektoratet og Vitskapeleg råd for lakseforvaltning slår fast at rømt oppdrettslaks, lakselus og andre sjukdomar knytt til fiskeoppdrett er dei største truslane mot villaksen.

Trass dette, grip ikkje regjeringa tak i kjelda til alle problema, nemleg opne oppdrettsanlegg, men berre behandlar effektane, til dømes ved løyving av 70 millionar kroner over tre år til ein genbank for laksefiskestandane i Hardanger, fordi absolutt alle villaksstammer der er innblanda med oppdrettslaks.

Alarmklokker burde ringje! Med unntak av éi veke, fann Havforskingsinstituttet lakselus på 90 prosent av dei trålande fiskane i Sognefjorden og snittet var meir enn 20 lus per fisk. Lakselusa et villaksen levande, ein smertefullt død. Fisken døyr allereie med infeksjonar frå 8–10 lakselus.

Nok er nok. Miljøpartiet Dei Grøne vil at du framleis skal kunne fiske i fjorden. Vi vil kutte og redusere utslepp frå havbruk. Berre lukka anlegg kan i dag oppfylle krav til full reinsing av utsleppa og nullutslepp av lusegifter, pellet og fiskemøk til sjø, samt hindra rømming og utslepp av lus. Difor skal MDG gje nye oppdrettskonsesjonar berre til lukka anlegg, men det er ikkje nok. Alle opne oppdrettsanlegg skal gjerast lukka innan 2025 og det må også stillast krav til fiskevelferda. Sjølvsagt er vi imot dumping av gruveavfall i Førdefjorden, ein nasjonal laksefjord som er eit viktig funksjonsområde for villaks som gyter i Nausta-vassdraget og vandrar gjennom fjorden.

MDG er det einaste partiet som stiller krav til både lukka og rømmingssikre anlegg, betre fiskevelferd og ein konkret og snarleg tidsfrist for gjennomføring. Ei berekraftig oppdrettsnæring vil ha eit konkurransefortrinn etter kvart som forbrukarane i aukande grad spør etter oppdrettsprodukt som er etisk og økologisk sertifiserte. Og det vert igjen nok villaks i elvene til at du kan fiske lenger og fange større mengder, slik som tidlegare generasjonar har opplevd.
Stem MDG – til beste for menneske og miljø.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags