Kvifor ikkje meir vekst i oppdrettsindustrien?

Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Lesarbrev- Fordi den er ikkje miljømessig berekraftig, og vil ikkje kunne bli det med tradisjonell, gammaldags teknologi med opne merdar, «luseskjørt» eller ikkje. Det er berre overgang til lukka anlegg som løyser problema denne industrien slit med i dag. Behandling mot lus, impregnering av nøter (kopar), medisinering gjennom fôr og mange sjukdommar går ut over villfisk, skaldyr og fugleliv i områda rundt anlegga. Ureinsa utslepp av avføring + spillfôr frå oppdrett svarar til 20 gonger utsleppet frå alle innbyggarar i Flora kommune !

Men utsleppsløyve blir gitt, for oppdrett er «ei heilag ku» som får blankofullmakt for det meste. Utslepp og kloakk frå bustader og anna industri er derimot strengt regulert, og blir påtalt dersom det er i strid med forskriftene ...

- Av omsyn til dyrevelferd. Laksen lir under all medisineringa og behandlinga for å halde lusenivået nede; som bad i hydrogenperoksid-oppløysing, spyling og behandling med varmt vatn.

Og alt stresset som følger av alt dette, med flytting og pumping av fisk. Det døyr bortimot 1 million laks årleg i Flora kommune, 15-20 % av kvar årsklasse. I seg sjølv eit avfalls/destruerings- og kostnadsproblem.

- Av omsyn til villfisk. I fjordsystema går der både villaks og sjøaure, som blir utsett for eit enormt smittepress frå lakselus og andre sjukdommar. Rundt merdane går det mykje villfisk som beitar på spillfôr, også medisinfór. Denne fisken blir overfeit og blaut i fiskekjøtet, ueigna som mat for menneske.

- Fordi oppdrettsindustrien no er blitt heilt avhengig av å importere soya som erstatning for naturleg marint fôr, sidan fiskebestandane som tradisjonelt har blitt brukt som fórgrunnlag har blitt nedfiska grunna veksten i oppdrettsindustrien. Det nærmar seg no 80 % innslag av soya i fiskefôret, som for ein stor del kjem frå plantasjar i fattige land, t.d. frå Brasil, der avskoging er eit stort problem p.g.a. dette. Fôrsituasjonen er altså heller ikkje berekraftig, så lenge det ikkje finst andre alternativ. At det blir brukt mykje plantevernmiddel i soya-produksjon er eit anna uheldig aspekt ...

- Fordi det allereie har vore stor vekst dei seinare år her i Flora kommune, t.d. fleire nye anlegg i perioden 2011-2015, t.d. «forskingskonsesjonar», og ein auke til maksimal biomasse i alle eldre anlegg. Det er no rundt 12 anlegg i sjø i Flora kommune, der det går anslagsvis 10–12 millionar fisk til ei kvar tid. Kommunen har i forslag til ny arealplan lagt ut fleire nye lokalitetar og utvida mange av dei eksisterande. Men berre éin er avsett for lukka teknologi (om der vert produksjon på denne, veit vi ikkje). Oppdrettarane kan såleis ikkje klage over at kommunen ikkje legg nok til rette for vekst. Det er rekordhøge lakseprisar no, og Klondyke-stemning hos oppdrettarane. Dei pressar sjølvsagt på for større produksjon og nye område å halde fram veksten på;  i opne notanlegg med fri gjennomstrøyming av vatn. Og dei vil ikkje investere av det store overskotet i moderne, lukka teknologi. Det reduserer jo profitten, på kort sikt. I fjor kosta det 5 milliardar å prøve å overvinne lakselus. Kostnaden blir nok ikkje mindre dette året. Desse pengane kunne heller ha vore investert i lukka anlegg, som er løysinga for framtida. Det finst mange tilbydarar og ferdige prototypar, men dei får ikkje særleg «napp» hos oppdrettarane.

- Det blir ikkje noko «grønt skifte» innan lakseoppdrett, først og fremst grunna motstand frå industrien sjølv, som har sterke organisasjonar og lobbygrupper med påverkingskraft langt inn i storting og regjering.

Og ressursar til å engasjere heile advokatkorpset sitt når den møter motstand. Lokalpolitikarane blir styrtstyrt etter oppdrettarane sine piper

- Fordi den bandlegg stadig fleire attraktive område for fritids-/yrkesfiske og friluftsliv generelt. Den okkuperer dermed ein urettmessig stor del av fjordallmenningen, som er alle sin «eigedom». Vi ser dette overalt her ute; rundt Svanøya, i Batalden, ved Oddane, i Høydalsfjorden og Solheimsfjorden. Og no i Veiesund-området (Stavøya) også. Oppdrettarane «eig» tilsynelatande desse områda, og kan gjere som dei vil på «sine» område. Kommunale og sentrale myndigheiter ser ut til å ha gløymt at dette er alle sin felles allmenning. Ikkje rart at det fører til sterke og aukande interessekonfliktar mellom oppdrett og allmenne interesser elles. Folk kjenner seg overkøyrde. Dette er eit rettferdsproblem som politikarane snart må ta inn over seg.

- Fordi areala blir gitt gratis for økonomisk utbytting av nokre få, med «rett» til forureining og fortrenging av alle andre brukargrupper. Det fører til kapitalopphoping på få private hender. Ikkje negativt i seg sjølv, men det gir lite tilbake til fellesskapet. Den føreslådde arealavgifta til vertskommunane blei effektivt stoppa av oppdrettslobbyen for få år sidan. Heller ikkje gir denne aktiviteten så mange arbeidsplassar som industrien sjølv hevdar. -Og mange av desse er utanlandsk arbeidskraft eller høyrer til firma som har adresse annan stad. Ein overgang til framtidsretta lukka teknologi ville gitt fleire arbeidsplassar, også lokalt. Men så lenge politikarane berre legg til rette nye areal for gammal, tradisjonell drift blir det ingen endring, berre nedslamming og forgifting av fjordmiljøa og på kostnad av anna marint liv.                 

- Fordi det bryt med grunnleggande demokratiske rettar. Politikarane er valde av folket, dei er folkevalde. Dei er ikkje valde av oppdrettsindustrien, sjølv om det ofte kan sjå slik ut. Dette må politikarane no begynne å ta inn over seg, «sette foten ned» og stille krav til oppdrettarane. Vi treng fleire modige og framsynte folkevalde. Denne industrien har vore ekstremt flinke til å plassere «sine» folk i sentrale posisjonar, som politiske parti, planetatar og avisredaksjonar.

- Fordi «miljørekneskapen» som no er i ferd med å bli implementert i kommunale planar, ikkje tek omsyn til miljøsynder som ikkje er synlege over havoverflata. Under overflata ligg det svære utfordringar. Endring skjer ikkje så lenge arealplanen tilbyr stadig nye areal for tradisjonell, forureinande drift.

Er det så håp om ei miljømessig berekraftig oppdrettsnæring i nærmaste framtid? Nei, det ser mørkt ut. Einaste håpet er at det organet som har plikt til å sjå til at miljøomsyn vert teke på alvor i kommunane, Fylkesmannens miljøvernavdeling, pålegg kommunane å legge til rette for lukka teknologi når nye lokalitetar vert planlagde, og ikkje godkjenner nye opne anlegg. Såleis kan Fylkesmannen vere ei motvekt til den dominerande oppfatninga hos lokalpolitikarar at økonomisk vekst og lønsemd er det einaste som tel. Sentrale mynde, departement og regjering bør også få til ei innveksling av opne i byte mot tette, lukka anlegg. T.d. «veksle inn» ein open mot å få to lukka konsesjonar. Då ville ein kunne få berekraftig vekst!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags