Problem og løysingar for oppdrettsnæringa

REIN: Reine fjordar er ei fanesak for Naturvernforbundet. Vi meiner fjordane må vere fri for avfall frå oppdrettsanlegg og gruveindustri, skriv artikkelforfattarane..

REIN: Reine fjordar er ei fanesak for Naturvernforbundet. Vi meiner fjordane må vere fri for avfall frå oppdrettsanlegg og gruveindustri, skriv artikkelforfattarane.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI midten av september i år rømde 17.000 gyteklare oppdrettslaks frå eit slakteri i Sognefjorden og sette bestanden av villaks i fare. På same tid i 2005 rømde om lag 6000 regnbogeaurar ut ei open inspeksjonsluke frå ein brønnbåt i Høydalsfjorden i Flora kommune.

Regnbogeauren står på lista over framande artar i Noreg, og kan såleis vere ein fare for andre artar i fjordane og sjøområda våre. Naturvernforbundet meiner all fiskeoppdrett må over i lukka anlegg utan fare for rømming, lakselus, spreiing av sjukdomar og forureining (Naturvernforbundet sitt landsmøte 2018).

Lokale fiskarar i Høydalsfjorden melder om lite fisk og krabbe som følge av utslepp frå oppdrettsnæringa der. Somme stader har den massive produksjonen av lakselus dessutan drepe svært mykje villaksyngel på veg ut i havet. Naturvernforbundet peikar difor på lukka anlegg i sjø som ei betre og meir berekraftig løysing.

Rapportar frå FN sitt klimapanel og fleire andre syner at havet sine økosystem er under sterkt press frå overfiske og forureining. Ein av grunnane er at oppdrettsnæringa importerer fiskemjøl- og fiskeolje frå ein industri som konkurrerer om ressursar i land der det alt er stor fare for underernæring. (Veera Mo, Framtiden i våre hender, 2019).

Importen av soya frå Brasil til produksjon av fiskefôr, er ei anna stor utfordring: Soya-produksjonen i Sør-Amerika fører til avskoging, utslepp av klimagassar, blodige konfliktar og tap av uerstattelege artar. I 2017 brukte dei fire store fiskefôrprodusentane i Noreg: Skretting, Ewos, BioMar og Marine Harvest, nesten 300.000 tonn konsentrat frå soyaprotein (SPC). Til dette trengst det meir enn 500.000 tonn soyabønner, eit areal på om lag 1 700 kvadratkilometer, tilsvarande 238 fotballbaner! (Ida Breckan Claudi, Regnskogfondet).

Vi meiner oppdrettsnæringa bør bruke meir fôr laga av marin algeolje eller insekt, slik m.a. Taplow Feeds i Canada har gjort. Algeolje har m.a. synt seg å vere bra for utviklinga av menneskehjernen og helsa generelt (Annie Rueter og Oscar Beardmore-Gray, Global Reporting Program.org).

Reine fjordar er ei fanesak for Naturvernforbundet. Vi meiner fjordane må vere fri for avfall frå oppdrettsanlegg og gruveindustri. Den kjende og kjære naturhistorikaren Sir David Attenborough seier at vi alle må jobbe saman for å ta vare på havområda våre. Han etterlyser eit globalt nettverk av ikkje-fiske-soner og ein avtale om berekraftig fiskeri i internasjonalt farvatn. Dette vil blåse nytt liv i havet slik at det produserer meir fisk vi alle kan leve av, seier han.
(Sir David Attenborough, How to save our planet, www.ourplanet.com).

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags