Om elefant(ar) i rommet

Utgifter til politisk styringi Sunnfjord kommune  er budsjettert til nær 10 mill. kr i 2021, skriv Per Kjelstad, og spør om denne budsjettposten er freda i fire år.

Utgifter til politisk styringi Sunnfjord kommune er budsjettert til nær 10 mill. kr i 2021, skriv Per Kjelstad, og spør om denne budsjettposten er freda i fire år. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dette innlegget skriv eg som innbyggjar i Sunnfjord kommune. Eg er også leiar i Sunnfjord eldreråd, men eg skriv ikkje på vegne av eldrerådet, eg veit heller ikkje om eg vil føreslå at rådet under budsjetthandsaminga skal fylgje opp noko av det tenkjer høgt i dette innlegget.

Det vert brukt ein del tal her. Dei er henta frå: Budsjettframlegg for Sunnfjord kommune 2021 – Reglement for Sunnfjord kommune – Og ein litt gammal statistikk over ordførarløner i 2018 (før kommunesamanslåingane), henta frå Nettavisen. Dei fleste lesarane har høve til å sjekke opplysningane.

Bakgrunnen for at eg stikk hovudet fram, klar til å ta mot både ris og ros for å peike på den ovannemnde elefanten, pluss eit par andre i vårt rom, er den pågåande budsjettprosessen i kommunen vår. Her må (nesten) alle føremål og sektorar finne seg i å verte granska med lupe for å finne innsparingar. Eg nemner berre to typiske område: skulestrukturen og eldreomsorga. I eldreomsorga vil det endå mangle 5,5 årsverk før bemanninga på institusjonane er harmonisert. Når det gjeld skulestrukturen kan me stå framfor ei radikal sentralisering som slett ikkje var førespegla i intensjonsavtalen før kommunesamanslåinga. I fylgje Firda si nettutgåve kan denne sentraliseringa verte endå meir brutal enn nokon av oss hadde tenkt.

No vil dei meir kyniske seie: Me veit då at eit vedtak gjeld berre til eit anna er gjort. Ja, det veit me, men eg vil her fram til at det må gjelde alle vedtak, ikkje berre nesten alle. Kommunestyret har vedteke eit reglement og godtgjersler for dei folkevalde i Sunnfjord kommune. Er denne budsjettposten freda i 4 år? Utgifter til politisk styring er budsjettert til nær 10 mill. kr i 2021.

Fordelinga er om lag slik: Ordførar 90 % av statsrådløn (dvs 90% av kr 1.410.073 i 2019) – varaordførar 75 % av ordførarløn, begge skal og iflg. reglementet ha godtgjersle for deltaking i styre der kommunen har eigeninteresser. Formannskapsmedlemene skal ha ei fast godtgjersle på 15% av ordførar, og utvalsleiarar 10 % av ordførar (i 2019 ca 190.000,- og 127.000,-). Eg går ut frå at godtgjerslene vert regulerte årleg. I tillegg kjem møtegodtgjersler, (til dei som ikkje har faste godtgjersler), som er fastsette til kr 2.000,- pr møte. Me som er utvalsleiarar utan fast godtgjersle får kr 3.000,- pr møte. Reglementet gjev også rett til dekning av tapt arbeidsforteneste, dokumentert eller udokumentert, men her kjenner ikkje eg til kva som vert praktisert.

Eg har vore såpass grundig med desse tala at eg ikkje trur eg er urettferdig mot nokon. Alle me som har fått politiske tillitsverv i Sunnfjord kommune er sjølvsagt samvitsfulle og hardt arbeidande menneske som fortener anstendig godtgjersle. Men, me får vedgå at desse godtgjerslene, frå toppen og heilt ned, er svært generøse. No for tida er det mykje snakk om ein dugnad me alle skal delta i. Kan det tenkjast at godt betalte folkevalde i ein kommune med klåre økonomiske vanskar kan delta i ein dugnad for å løyse litt av problema? Kan det det tenkjast at me kan redusere godtgjerslene med 10 – 20 – eller 30 %? Det ville verte 1, 2 eller 3 millionar i reduserte nedskjeringar på andre område.

Kan det i tillegg tenkjast at regjeringa vil innfri lovnadene før samanslåinga, at ikkje den nye kommunen skulle tape tilskot i høve til dei 4 «gamle»? Her manglar det minst 4 mill. kr. Etter mi meining bør det setjast inn eit politisk press frå alle dei samanslegne kommunane for å få retta opp dette lovnadsbrotet. Men, her som elles, nokon må peike på elefanten, evt hengje bjølle på katten.

Attåt alt dette har kommunesamanslåinga, her som elles i landet, ført til eit veksande byråkrati. I fylgje Firda 12.11. har talet på byråkratar i kommunane etter kommunesamanslåingane auka med 10%. Det vert nokre millionar av dette også i Sunnfjord kommune.

Kva om nokre av desse millionane kunne halde oppe nokre grendeskular, og nokre grender? Kva om dei kunne vere med å sikre ei verdig eldreomsorg?

(Er det nokon som tenkjer at no trur han på julenissen, så er det lov).

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken