Oljelekkasje i Florø si drikkevasskjelde?

KATASTROFALT: Ein lekkasje frå ein av vindturbinane på Guleslettene kan få katastrofale følger, både for befolkning og industri, skriv artikkelforfattaren.

KATASTROFALT: Ein lekkasje frå ein av vindturbinane på Guleslettene kan få katastrofale følger, både for befolkning og industri, skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg er sterkt i mot vindkraftindustrien. Eg fryktar konsekvensane av ein potensiell oljelekkasje frå vindturbinar til Florø si drikkevasskjelde Sagavatnet. Det burde alle som bur i Florø gjere.

På Kvaløya i Troms mistenker Nordlys Vind at dei har forureina ei drikkevasskjelda med olje frå vindkraftanlegget sitt. Det er dramatisk. Ifølge Mattilsynet kan det ta fleire år før ein kan drikke vatnet igjen. Vidare seier kommunelegen at ein ikkje bør bruke vatnet til tannpuss ein gang. På Kvaløya råkar dette 5–6 husstandar. På Guleslettene vindkraftverk blir fleire turbinar plassert heilt i grensa av nedslagsfeltet til Sagavatnet.

I kvar vindturbin trengst det fleire tusen liter olje. Det skal ein relativt liten oljelekkasje til for å forureine drikkevatnet til over 10.000 innbyggarar i Florø. Korleis kan ein førebyggje dette? I desse koronatider veit vi at avstand er beste måten å unngå smitte på. Eg vil tru det same gjeld for vindturbinar.

Ved å auke avstanden mellom Sagavatnet og vindturbinane reduserast risikoen for forureining av drikkevatnet. Eg finn ingen klare retningslinjer for krav til avstand og topografi mellom drikkevasskjelder og vindturbinar. Ein lekkasje frå ein av vindturbinane på Guleslettene kan få katastrofale følger, både for befolkning og industri. Kan Slakteriet halde oppe drifta si viss vatnet er forureina? Kva med NorTekstil? Og institusjonane våre, kva følger vil det få for dei? Kva blir konsekvensane for kvar enkelt av oss? Er reservane i Litjevatnet gode nok?

NVE med seksjonssjef Arne Olsen deler ut konsesjonar til vindkraft. Ifølge Harvest inviterte han vindkraftselskapa til seminar i fjor. Og i desse selskapa jobbar mange av hans tidlegare kollegaer frå NVE. Guteklubben Grei? Det er Arne Olsen som er oppført som saksbehandlar for Guleslettene og ein veit jo korleis NVE behandla klagene som kom før oppstart av utbygginga.

I dag har eg meldt meg inn i Motvind Norge. Motvind Norge vil stoppe vindkraftutbygginga i Norge. Denne veka starta den første rettssaka mot Staten og ein utbyggar av vindkraftindustri. Dette skjer i regi av Motvind Norge. Det blir veldig spennande å sjå om den dømmande makta i Norge kan sette den lovgivande og utøvande makta på plass. Det er nemleg på tide. Meld deg inn i Motvind viss du kjenner at dette engasjerer deg. Då får organisasjonen råd til trekke Staten og vindindustrien inn for retten fleire gonger.

Eg tenker at ein oljelekkasje på Guleslettene er like unngåelig som oljelekkasje frå ein bil. Det er veldig mange som eig Guleslettene vindkraftverk. Det er små og store investorar i heile verda. Dei vil tene pengar. Vil dei halde ved like vindturbinane på ein forsvarleg måte? Vil dei sikre drikkevatnet vårt? Vi kan jo håpe på at Black Rock ikkje blir namnet på eit sjølvoppfyllande profeti.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken