Nytt handlingsrommet. Redd arbeidsplassane

INDUSTRIBYGD: – No kan vi oppleve at Høyanger og Svelgen får ein ekstra kostnad på toppen av Statnett sin kostnadsauke av di SFE har søkt om å overta nettet til desse stadane, skriv Ingrid Heggø (Ap). Her frå Høyanger.

INDUSTRIBYGD: – No kan vi oppleve at Høyanger og Svelgen får ein ekstra kostnad på toppen av Statnett sin kostnadsauke av di SFE har søkt om å overta nettet til desse stadane, skriv Ingrid Heggø (Ap). Her frå Høyanger. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Den kraftforedlande industrien står overfor ei alvorleg krise, men høgreregjeringa sit passiv. Det er respektlaust overfor hardtarbeidande folk og familiar i lokalsamfunn som Svelgen, Høyanger og Årdal.

Det er i tillegg dårleg klimapolitikk og avslører manglande forståing for kva industrien betyr for landet vårt samla sett, og for distrikta spesielt.

I Arbeidarpartiet vil vi sikre den kraftforedlande industrien likeverdige konkurransevilkår med resten av Europa. Vi vil ha industriinvesteringar i Noreg, og straumprisen er den desidert høgaste produksjonskostnaden. Det betyr mange millionar for enkeltbedriftene. Dessverre støttar ikkje regjeringa framlegget vårt som hadde kome industrien i møte.

Dei siste tre åra har industrien sine kostnader ved å vere tilknytt straumnettet auka betydeleg. Kostnadsauken heng både saman med endringar i Statnett sin tariffmodell og betydelege investeringar i nettet. Utviklinga svekker grøn, norsk industri si konkurransekraft, og trugar arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet.

Arbeidarpartiet sitt framlegg hadde gitt investeringar, sikra arbeidsplassar og styrka grøn industriproduksjon tufta på rein norsk vasskraft. Eit kinderegg, om ein vil. Men nei – høgrepartia har fleirtal for tida, og stikk hovudet i sanden. Dei vil ikkje utnytte handlingsrommet som ligg i Eøs-avtala.

Koronaen har i seg sjølv sett eksportindustrien i ein vanskeleg situasjon. Passiviteten i møte med kraftprisutfordringa, kjem som ei ekstra bør. I desse kompensasjonstider sit altså regjeringa heilt stille og ser på at norsk grøn industri mistar konkurransekraft og at investeringane går til andre land.

Eg har hatt fleire møte med representantar for prosessindustrien i det siste, blant anna om koronaen og krisepakkane. Dei ber alle om det same: Reverser prisauken sånn at norsk industri får same konkurransevilkår som resten av Europa. Det er kva vi treng, i tillegg til at det blir ordna opp i CO₂-kompensasjonsordninga.

Men høgreregjeringa lyttar ikkje, og nyttar ikkje si eigarmakt i Statnett. Framlegget om å gå frå 60 til 50 prosent reduksjon slår svært hardt ut for kraftforedlande industri og er direkte konkurransevridande når Tyskland og Frankrike har inntil 90 % reduksjon. Det er heller ikkje snakk om at vi vanlege forbrukarar skal betale mykje meir i året. Prislappen er på 100- 150 per år for å få konkurransedyktig industri og arbeidsplassar og investeringane i Norge.

Tariffen må ta meir omsyn til verdiane store, stabile forbrukarar har for forsyningssikkerheita.

Det seier seg sjølv at kostnaden med å levere til storforbrukarar av kraft, er veldig låg i forhold til å levere til mange småforbrukarar. Då må reduksjonen vere på linje med det kraftforedlande industri har i Tyskland og i Frankrike. Og norsk industri skal ikkje straffast om ein er tilknytt sentralnettet eller regionalnettet, det må vere like vilkår over heile landet.

No kan vi oppleve at Høyanger og Svelgen får ein ekstra kostnad på toppen av Statnett sin kostnadsauke av di SFE har søkt om å overta nettet til desse stadane.

Dette kunne Stortingsfleirtalet ha gjort noko med, ved å innføre ein industritariff som er lik uansett kvar ein koplar seg på nettet, men Arbeidarpartiet sitt framlegg vart nedstemt av Høgre, Venstre, KrF og Frp.

Arbeidarpartiet og eg er bekymra for at kostnaden for kraft frå nettet er i ferd med å setje ein stoppar for ny og eksisterande industri. Industrien må sikrast stabile rammevilkår over tid, noko som òg handlar om klima. Vi må satse på grøn, norsk industri! Kraftkrevjande industri sørgjer for klimavennlege arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet.

Då må vi styrke industrien i ein vanskeleg periode, ikkje svekke han. Norsk kraftkrevjande industri er i verdstoppen både på klima og innovasjon. Noreg treng desse bedriftene og arbeidsplassane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags