Brenn raudpennen

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevAne Bamle Tjellaug skriv i avisa om møtet med det sjølvutnemnde nynorskpolitiet. Eit møte som ikkje gir ein lyst til å prøve å skrive nynorsk igjen, skriv ho sjølv. Nynorskpolitiet kjem luskande med raudpennen og er ikkje sky for å sende ein nedsettande kommentar om språkbruken til den som skriv nynorsk i avisene. Kjære Ane, eg veit korleis du har det. Eg har opplevd det same sjølv, men eg blei ikkje skremd vekk frå nynorsken. Her skal eg fortelja kvifor.

Eg har vakse opp som bokmålsbrukar på Oslo vest. Eg bytte til nynorsk då eg gjekk på vidaregåande skole. Kvifor? Eg blei tiltrekt av nynorsken. Nynorsken gav meg høve til å velja ein måte å uttrykkje meg på gjennom grammatikk og ordforråd som eg ikkje hadde opplevd før. Men som alle veit, er det ikkje like lett å vera nynorskbrukar som det er å vera bokmålsbrukar. Derfor engasjerte eg meg i målrørsla.

Og det var etter at eg begynte å engasjere meg og skreiv tekstar som kom på trykk i den landsdekkande pressa, at nynorskpolitiet dukka opp. Dei har rakka ned på språkvala mine på e-post, i lesarbrev eller kome opp til meg og retta peikefingeren mot meg. «Skriv du skole og ikkje skule», spør dei. «Du må lære deg skikkeleg nynorsk», skriv dei på e-post. Eg er over gjennomsnittet interessert i språk. Men eg forstår so inderleg vel at ein vel å gå over til bokmål når dette er takken ein får. Er det slik målfolk er?

Svaret er nei. Sjølvsagt ikkje! Mange er opptatt av eit godt språk. Eg er sikker på at alle vil at kvaliteten på språket i avisene skal vera so godt som mogleg, enten det er skrive på bokmål eller nynorsk. Men eg er heilt imot at nokon meiner dei har rett til å skrive nedsettande ord til dei som skriv nynorsk i avisene, og rakke ned på korleis dei skriv. Dette er ikkje rett måte å fremja språket vårt på. Språket vårt skal fremjast gjennom opplysing og støtte. Ikkje med raudpenn og peikefinger. Eg trur ikkje på nynorskpolitiet. Eg trur på det fantastiske språket vårt.

Skriv nynorsk, Ane. Eg heiar på deg!

Artikkeltags