Skriv lesarbrev i sommar og vinn 2000 kroner

NYE STEMMER: – Vi vil ha fleire stemmer inn i debatten. Dess fleire som engasjerer seg, dess rikare blir debatten, seier Marie Havnen, konstitutert redaktør i Firda.

NYE STEMMER: – Vi vil ha fleire stemmer inn i debatten. Dess fleire som engasjerer seg, dess rikare blir debatten, seier Marie Havnen, konstitutert redaktør i Firda. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Firda ønsker ein levande debatt og vil gjerne at fleire brukar røysta si i avisa. Derfor lagar vi ein konkurranse i sommar.

DEL

– Debatt er viktig. Vi vil ha fram fleire nye stemmer i debatten. Spesielt oppfordrar eg fleire unge til å ytre seg meir, seier Marie Havnen, konstituert redaktør i Firda og held fram:

– Vi vil høyre kva forskjellige folk meiner om alt frå kor ny idrettshall bør ligge, til kvifor du diggar å bu akkurat her eller korleis det er å vere skeiv i Sogn og Fjordane. Skriv om akkurat det du bryr deg om.

Lanserer konkurranse

Firda ønsker ein levande debatt og vil gjerne at fleire brukar stemma si i avisa. Derfor deler vi ut 2.000 kroner til debattinnlegget, lesarbrevet eller kronikken som er mest lese innan 20. august.

Alle kan delta, men vi har ekstra lyst til å løfte fram unge stemmer. Vi deler derfor også ut ein ekstra premie på 1.000 kroner til det mest lesne innlegget skrive av ein person under 30 år. Om same person også er mest lese totalt sett, får vinnaren begge premiane.

Skriv ditt lesarbrev her!

Tips til gode innlegg

  • Skriv om det du bryr deg om. Om du blir glad eller sint av å tenke på det du skriv om, så er det nok mange andre som blir det også.
  • Bruk forståelege ord og korte setningar. Det skal vere enkelt å forstå kva du meiner.
  • Forklar kvifor det du skriv om er viktig.
  • Send oss eit godt bilde som passar til innlegget. Pass på at du har lov til å bruke bildet! Legg gjerne ved eit bilde av deg sjølv også.

Reglar for å delta:

  • Du må sende kronikken, debattinnlegget eller lesarbrevet på denne sida.
  • Alle må delta under fullt namn.
  • Du treng ikkje vere abonnent på Firda, men må logge deg på med aID for å få skrive innlegget. Opprett aID her.
  • Debattinnlegg og lesarbrev skal ikkje vere over 3.800 teikn inkludert mellomrom.
  • Kronikkar kan vere opp til 5.600 teikn inkludert mellomrom.
  • Vinnaren er den som har skrive det innlegget som er lese av flest ulike personar innan 20. august 2018.
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags