Etter at alle partar har hatt høve til seie sitt i høyring om kvar dei nye stamvegane mellom Austlandet og Vestlandet skal gå, står Statens vegvesen framleis fast på E134 Haukelifjell og Rv. 52 Hemsedalsfjellet, skal vere dei framtidige aust-vest sambanda.

Men det er sterke krefter som jobbar for å omprioritere desse vegvala, og vi må førebu oss på at kampen Rv. 52 Hemsedalsfjellet ikkje er over på lenge. 

Noko som har ført til ei feil vinkling av diskusjonen om kvar vegen skal gå, er at den av media stadig blir omtala som hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Det må difor påpeikast at Vestlandet er langt meir enn Bergen, når Rv 52 for storparten av Sogn og Fjordane er den beste og kortaste vegen til Oslo, på same måten som E 134 er det for Sunnhordland og Haugalandet. NHO såg dette, og sendt høyringsuttale til Statens Vegvesen/Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet med slik ordlyd: «Etter ei samla vurdering støttar NHO utgreiinga som tilrår at Europaveg 134 Haukelifjell og Riksveg 52 Hemsedalsfjellet blir prioritert som framtidige hovudsamband mellom Vestlandet og Østlandet. Det utslagsgjevande for vår tilråding har vore å sikre gode, vintersikre stamvegkorridorar som kan omfatte ein størst mogeleg del av Vestlandet i forhold til det sentrale Austlandsområdet».

Vestnorsk Transportarbeiderforening går i ei pressemelding i samband med høyringa, inn for at vegen over Haukeli og Hemsedal blir å bygge ut til faste stamvegar.

Vestnorsk Transportarbeiderforening organiserer transportarbeidarane i Hordaland og Haugalandet i Rogaland. Det er forventa at transportarbeidarane i vårt fylke også hadde komme med uttale om eit så viktig spørsmål for deira yrkeskvardag.

Det er og merkeleg at ikkje transportbedriftene kjem med sine synspunkt i saka. Vidare har Samferdselsdepartementet etter bestilling og i oktober 2015 motteke; «Konseptvalgutredninger (KVU) over Hardangervidda». Det er liten tvil om at dette er eit bestillingsverk som utan motargument favoriserer ei delstrekning av aust – vest sambandet framom andre alternativ. Difor er det ynskje om KVU-er på dei ulike delstrekningar, det er t.d. berre nemnt i ei bi-setning at skilnaden på veglengd over Hardangervidda kontra Hemsedal berre er 18 km. Då må det vere grunnlag for å stille spørsmålet, skal ein så mikroskopisk avstand vere avgjerande for om Sogn og Fjordane skal vere med i stamvegnettet eller ikkje?

I diskusjonen kjem det fram at det kanskje var feil å bygge Lærdalstunnelen.

Det må då vere lov å spørje om ikkje Hardangerbrua også er plassert på feil stad?

Med det diagonal-sambandet som no teiknar seg, burde brua vore i Jondal området.

Vidare merkar vi oss at både jernbane og flytransport vert teke med i ein del rapportar, difor vil vi minne om at Sogn og Fjordane manglar både stamflyplass og jernbane, noko som må kompenserast ved at vegane som minimum blir opprusta til same standard som i resten av landet, og i forhold til behovet.  

Den endelege avgjerda om kvar stamvegane i Noreg skal gå, og kva vilkår vegsektoren i framtida skal ha, er det opp i Stortinget å fastsetje. 

Difor er det viktig at våre folkevalde på stortinget, i fylket og kommunane, uansett partifarge, vågar å står fram og viser at dei er verdig den tillit vi har gjeve dei.

Om ikkje så skjer, er vi mange som ser at det oppstår uboteleg skade for vårt fylke.

Johannes Oppedal,  6978 Viksdalen
-pensjonert yrkessjåfør-