NTP må byggje Vestlandet trygt saman

PRIORITET: For Venstre vil samla utbygging av jernbane og E16 frå Bergen til Voss, og utbetring av flaskehalsar langs E39 til gul-stripe-standard (Storehaug-Bruland, Nordhordland, Byrkjelo-Sandane) og neste byggjesteg til bybane i Bergen ha øvst prioritet, skriv artikkleforfattarane. Bildet er frå E39 mellom Reed og Sandane.

PRIORITET: For Venstre vil samla utbygging av jernbane og E16 frå Bergen til Voss, og utbetring av flaskehalsar langs E39 til gul-stripe-standard (Storehaug-Bruland, Nordhordland, Byrkjelo-Sandane) og neste byggjesteg til bybane i Bergen ha øvst prioritet, skriv artikkleforfattarane. Bildet er frå E39 mellom Reed og Sandane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Ved å byggje avstandane i Vestland mindre og gjere det trygt å ferdast, byggjer vi Vestland større. Landet skal leve av fornybare ressursar og rein energi, moderne og grøn matproduksjon til havs og på bøane, og rein kraftkrevande industri. Vestland er prega av eit eksportretta næringsliv som er framtidsretta. Dei naturgjevne tilhøva i regionen vår legg til rette for at Vestland kan bli ein kraftfull og leiande region, både økonomisk, demografisk og politisk, men naturen er også vår utfordring på grunn av dei avstandane fjell og fjordar skapar. Ein politisk debatt på Vestlandet som ikkje har in mente dei samferdsleutfordringane vi har i regionen, er ikkje i kontakt med røyndomen.

Dette er vårt bakteppe når vi skal diskutere samferdsle. Og difor må vestlandspolitikarane sin viktigaste agenda vere at Vestlandet får ein større del av samferdslekaka. Vestland får ein vesentleg del av nasjonale vegmidlar, men ser på dei totale løyvingane til samferdsle kjem Vestland altfor dårleg ut fordi vi ikkje er store på jernbane. Fylkessamanslåinga bør føre til at Vestland har ei sterkare stemme i den nasjonale prioriteringsdebatten. Det er avgjerande viktig at vi klarar å samle oss, ikkje berre i Vestland, men at vi også saman med Rogaland og Møre og Romsdal evnar å samle oss.

Transportetatane har nyleg gjeve sine tilrådingar til prioritering av samferdsleprosjekt i NTP. Det einaste større nye prosjektet dei tilrår i Vestland dei neste 12 åra er Hordfast, på grunn av høg samfunnøkonomisk nytte. Det er eit godt og viktig argument for Hordfast. Men for Venstre handlar ikkje vegpriorteringar berre om samfunnsøkonomisk nytte, dei handlar også om trafikktryggleik, om å legge til rette for eit busetnadsmønster som tek i bruk det gode næringsgrunnlaget vi har i distrikta, om å sikre nullutslepp, levande byar og gode kollektivtilbod, om å skape trygge kvardagar for folk som pendlar, er yrkessjåførar, eller skal gå til skulen. Dette har også vore ein gjennomgåande bodskap i dei breie høyringsrundane Vestland har hatt knytt til NTP – både frå bygd og by.

Difor vil Venstre i denne omgang nytte NTP-ramma til å dekkje eit skrikande behov for gul midtstripe og rassikring. Å byggje vegane våre tryggare og rettare, er det viktigaste vi kan gjere no for å binde Vestland saman. Og i påvente av at bruene kjem, så må vi sikre så god ferjekapasitet som mogleg over fjordane. Vi veit også at utbyggingsprosjekt som passerer 2-4 milliardar i kostnad vert utført av utanlandske entrepenørar. Venstre meiner at med den store arbeidsløysa vi no ser på grunn av koronaepedemien og oljeprisfall, så er det viktig å prioritere dei vegprosjekt som i størst mogleg grad er tilgjengelege for norske entreprenørar og bidreg til auka sysselsetting i landet vårt

Ved å prioritere gul midtstripe og rassikring, og å stå samla i kampen om at Vestlandet skal få vår rettmessige del av samferdslekaka, vil det vere mogleg og realistisk å gjennomføre ei rekkje viktige samferdsleprosjekt i Vestland mellom 2022 og 2033. For Venstre vil samla utbygging av jernbane og E16 frå Bergen til Voss, og utbetring av flaskehalsar langs E39 til gul-stripe-standard (Storehaug-Bruland, Nordhordland, Byrkjelo-Sandane) og neste byggjesteg til bybane i Bergen ha øvst prioritet.

Vi vil også kjempe for auka løyvingar til tunnel- og rassikring, mellom anna til sikring av RV 15 Strynefjellet. Rassikring, gul midtstripe og KVU av diagonal er også svært påkrevd for å styrke E134 som er eit avgjerande viktig aust-vest-samband, med høg samfunnsøkonomisk nytte.

Vi legg også til grunn av Stad Skipstunnel, det einaste større investeringsprosjektet innanfor sjøtransport i heile NTP, blir gjennomført som planlagt og vedteke i gjeldande NTP, med startløyving i 2021. Dette er eit prosjekt heile Vestlandet står samla om, og det er provoserande at det enno ein gong ser ut til å bli omkamp på det einaste store prosjektet som kan gjere fine festtalar om å satse på sjøtransport om til røyndom. Det er også lite nok til å kome norsk anleggsbransje til gode.

Ikkje minst vil vi kjempe for betre fylkesvegprogram og ferjeavløysingsmidlar. Vestlandet er fullt av ventande prosjekt som vil skape stor sysselsetting for både små, mellomstore og store norske utbyggingsselskap. Lat oss komme i gong – og skape eit tryggare fylke for alle!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags