Ikkje gløym Palestina

Av
DEL

LesarbrevFredag 29. november er FNs internasjonale dag for solidaritet med Palestina.

Ifølge FN bur det no meir enn 600.000 israelske busetjarar på den okkuperte Vestbredden. Det internasjonale samfunnet, også USA, har meint at å busetje seg på okkupert område er eit brot på folkeretten. Det norske regjeringa er også tydelege i denne saka.

Førre veke sa utanriksminister Mike Pompeo at USA ikkje lenger meiner at busetjingane på okkupert grunn strir mot folkeretten. I fjor bestemte Trump-administrasjonen seg for å definere Jerusalem som Israels hovudstad og USA flytta ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Kva meir kan palestinarane vente seg frå USA?

Staten Israel vart proklamert 14. mai 1948. Sidan Seksdagerskrigen i juni 1967 har Israel okkupert Golanhøgdene, Gazastripa og Vestbredden. Den omstridde Oslo-avtalen frå 1993 skulle vare i fem år, og er no 21 år på overtid. Vestbredden er delt i område A, B og C med ulike grader av israelsk kontroll. Innpå to millionar menneske bur innestengt i Gaza under ein 12 år lang blokade. Ifølge FN er over halvparten av dei som bur der under 18 år. Dei opplever ofte bombeangrep, arbeidsløysa stig, og folk blir desperate. Det er stor usemje mellom eigne politikarar, og dei opplever at draumen om ein fri palestinsk stat blir knust.

Norsk Folkehjelp har vore i Palestina sidan 1983 og dei vi samarbeider med fortel oss ofte kva det betyr for dei at verda ikkje gløymer dei.

Norsk Folkehjelp ber deg om at ta eit tydeleg standpunkt mot okkupasjonen og for at folkeretten sine prinsipp også må gjelde for palestinarane.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags