Norge taper 10. milliardar i inntekter i 2020 grunna satsing på vindkraft

Norge taper 10. milliardar i inntekter i 2020 grunna satsing på vindkraft, skriv Rune Nydal.

Norge taper 10. milliardar i inntekter i 2020 grunna satsing på vindkraft, skriv Rune Nydal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Norden har dei fleste åra eit kraftoverskot som vert eksportert til andre land. Sidan 2015 er det bygd ut mykje vindkraft både i Norge og Sverige. Berre i Norge er produksjonsauken på kring 14 TWh fram mot 2022. (Kjelde Norwea)

Det har ført til att kraftoverskotet i Norden aukar frå år til år. Som i alle andre sektorar gir overskot dårlegare pris.

For 2020, som er eit hydrologisk vått år, kombinert med mykje vind. Om ein ser på det siste året med liknande vêrforhold 2015.

Er verditapet grunna lægre pris på kring 10. milliardar, pr. 1. Oktober. Vestland sin del av dette er på kring 2,4 milliardar.

Statnett legg til grunn eit overskot på kring 40. TWh i perioden frå 2025–2030 i snitt. Det kunne variere frå mellom 20 TWh i tørre år- til 60 TWh i våtår. Vidare håpar Statnett att forbruket mellom 2030 og 2040 vil auke slik att overskotet vert vekke kring 2040.

Om ein skal estimere inntektstapet frå 2020-2030, vil ein med nøytral hydrologi kunne forventa tal på kring 5 milliard pr. år. DVS 50 miliarder over heile perioden, Vestland sin del av dette vil då vere på kring 12. milliardar. (24 %)

Spørsmålet er om det er fornuftig å fortsette i same lei fram til 2030. Noko som vil auke overskotet og tapa år for år. Ein bør ikkje fortsette å bygge nye anlegg i stor målestokk, før ein ser att det er behov for dette.

Effekten av 2020 vil slå rett inn i økonomien til Sunnfjord kommune. Som har mange vasskraftverk innanfor kommunegrensa.

Skal avslutte med eit gammalt sitat: «Drep meg herre konge, men ikkje med graut!»

Les vind.

Stopp raseringa av Stad!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken