Noreg står ved eit vegskilje

VEGSKILJE: Noreg står og framføre eit vegskilje. Produksjonen ser ut til å falle frå midten av neste tiår, og vil fortsette å falle dei neste tiåra. Sjølv om dette kan skje, vil petroleumsnæringa fortsatt vere avgjerande i mange år framover. Difor er det viktig at vi slår ring rundt denne næringa, som har medført at vi no har over 10.000 milliardar på bok, skriv artikkelforfattaren.

VEGSKILJE: Noreg står og framføre eit vegskilje. Produksjonen ser ut til å falle frå midten av neste tiår, og vil fortsette å falle dei neste tiåra. Sjølv om dette kan skje, vil petroleumsnæringa fortsatt vere avgjerande i mange år framover. Difor er det viktig at vi slår ring rundt denne næringa, som har medført at vi no har over 10.000 milliardar på bok, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi er eit land med store moglegheiter. Høg arbeidsinnsats og produktivitet er sjølve grunnlaget for auka verdiskaping rundt om i vårt land, og gjer det mogleg at vi har eit godt velferdsnivå.

Den økonomiske politikken må basere seg på at vi må skape verdiar før dei kan delast ut til deg og meg. Velfungerande marknader er avgjerande for velstand og økonomisk utvikling. Gjennom å stimulere til auka verdiskaping og produktivitet, både i næringslivet og det offentlege, vil framtidas velferd bli sikra. Då er det viktig at vi fører ein økonomisk politikk, der den offentlege pengebruken tilpassa seg situasjonen i økonomien innafor handlingsregelen sine grenser.

Rekninga til neste generasjonen vil auke med 5 milliardar i åra mellom 2030 og 2060, jamfør Perspektivmeldinga. Vi må ta grep. Venstresida meiner at ein må auke skattane, og det kan slå feil ut. Det viktigaste er at vi skapar fleire jobbar og at folk får jobbe lenger, for auka skattar kan bety at folk jobbar mindre og at det blir færre jobbar i Noreg. Difor er det feil å svare med høgare skattar i dag på eit framtidig inntektsbehov, der ein del type skattar påverka arbeidstilbodet og vil føre til auka finansieringsbehov i framtida. Skattesystemet skal vere vekstfremmande.

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre Foto:

Noreg står og framføre eit vegskilje. Produksjonen ser ut til å falle frå midten av neste tiår, og vil fortsette å falle dei neste tiåra. Sjølv om dette kan skje, vil petroleumsnæringa fortsatt vere avgjerande i mange år framover. Difor er det viktig at vi slår ring rundt denne næringa, som har medført at vi no har over 10.000 milliardar på bok. Om vi no skrur igjen krana her i Noreg, vil det pt medføre at vi kun flyttar produksjon til andre olje- og gassproduserande land, mest truleg med mindre fokus på miljøvenleg utvinning.

Ein del av vår felles formue må dreiast over til investeringar i kunnskap og infrastruktur, samt vekstfremmande skattelette. På denne måten stimulerer vi våre framtidige arbeidskraft, til å utvikle nye arbeidsplassar innanfor digitalisering og IKT.

Gode omstillingsevner vil og vere avgjerande, slik at norske verksemder står godt rusta til å møte nye og framtidige utfordringar. Dette arbeidet må starte no. Det er ikkje kun private verksemder som må omstille seg, men også det offentlege. For å sikre eit berekraftig velferdssamfunn vert det stadig viktigare å gjennomgå offentleg ressursbruk og tilstrebe betre bruk av skattebetalaranes pengar. Det inneberer prioriteringar av utgiftene i statsbudsjettet. Ein må arbeide målretta for overføringar til det private næringsliv og for at offentlege investeringar i større grad brukast på samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt.

Konkurransepolitikken må og stå sentralt for auka produktivitet, ein meir effektiv økonomi og betre ressursbruk. Konkurranse i marknadane vil bidra til betre tilbod av varer og tenester med høgare kvalitet og lågare prisar. Samt at konkurransen stimulerer norske verksemder til å verte meir produktive og innovative.

Om Noreg klara å omstille seg og møte dei omfattande endringane i både det private- og offentlege næringslivet, vil vi stå betre rusta til å møte framtidas konkurranse og krav - med eit velfungerande arbeidsliv og mange nye jobbar innanfor digitalisering og automatisering.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags