Berekraft i ryggrada

GRØNT FOKUS: Linda Midtbø (t.v.), hamnesjef Flora hamn, i samtale med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Mange småbedrifter på Vestlandet har berekraft i ryggrada. Dei har erfart at det er god business å satse grønt.

GRØNT FOKUS: Linda Midtbø (t.v.), hamnesjef Flora hamn, i samtale med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Mange småbedrifter på Vestlandet har berekraft i ryggrada. Dei har erfart at det er god business å satse grønt. Foto:

Av
DEL

MeiningarVestlendingar snakkar lite om berekraftsmål. Dei handlar.

I 2015 vedtok 193 statsleiarar dei 17 berekraftsmåla – ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, overvinne ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmåla er universelle, dei gjeld for alle land.

FN anslår at det må gjerast investeringar for rundt 2500 milliardar kroner i utviklingsland kvart år fram mot 2030 for å nå måla. Det aller meste av desse dette må finansierast lokalt. Utan næringslivet er berekraftsmåla uoppnåelege. Difor er jobbskaping og næringsutvikling blant dei fem prioriterte områda i norsk utviklingspolitikk.

På Vestlandet er det mange bedrifter som jobbar for berekraftsmåla. Det er ein naturleg del av strategien. Nyleg besøkte vi ei rekkje næringslivsaktørar i det nye kontorfellesskapet PEAK i Førde. Felles for bedriftene er at alle leverer nyvinning og samstundes har berekraft som ein grunnpilar. Dette engasjementet – som er viktig både lokalt og globalt – fortener meir merksemd.

Teknologibedrifta Tibber har som målsetting å sikre at 10 millionar hushaldningar i Europa vert fornybare og får 20 prosent lågare straumforbruk. Den marine klynga Hub for Ocean har 67 medlemsbedrifter, og jobbar for å få båtar over på meir miljøvenleg drivstoff. Multi Maritime har designa 24 av dei 30 nye batteri- og hybridferjene i Norge. Brødrene Dahl byggjer vasskraftverk i Sunnfjord og Aust-Afrika for å bringe rein energi ut til folk.

Berekraft er bra for business, og bra for miljøet. Norske bedrifter har unik ekspertise innan teknologi, havbruk, marine næringar og energi. Norsk teknologi og kompetanse kan bidra til berekraftig utvikling i Asia og Afrika.

Dersom vi skal nå berekraftsmåla må myndigheiter, næringslivet og sivilt samfunn spele på lag. Vi treng eit offensivt, samfunnsansvarleg næringsliv som ønsker å gjere ein innsats der utfordringane er mest akutte. Gulrota er at ein får gjere ein skilnad for menneske og land der behova er store, samt dei kommersielle moglegheitene som opnar seg opp. For moglegheitene er mange!

Dei største vekstmarknadene dei neste tiåra er i det globale sør. I Afrika må ein skape ein million arbeidsplassar kvar månad for å sikre tilgang på jobbar. Sidan 9 av 10 jobbar i Afrika vert skapt i privat sektor, er næringsutvikling ein nøkkelfaktor for å få dette til. I Førde ligg òg Norsk senter for utviklingssamarbeid (Norec), ein etat under Utanriksdepartementet. I 20 år har vi lagt til rette for samarbeid mellom næringslivsaktørar i Norge og land i sør. Gjennom Norec kan bedrifter og organisasjonar dele kunnskap, kompetanse og verdiar i internasjonale samarbeid.

Eit praktisk døme: Quesnay i Oslo har i mange år samarbeida med selskapet Laboremus i Uganda. Gjennom Norec-utvekslinga har dei, mellom anna, i samarbeid utvikla ein app som gjer det mogeleg for mjølkebønder å vise faste inntekter, og dermed bli kredittverdige for lån. Laboremus har i løpet av fem år blitt ei av dei største teknologibedriftene i Uganda. I fellesskap har selskapa tatt ein stor del av marknaden i Aust-Afrika.

Det går ei rett linje frå verksemdene på Vestlandet til løysinga av globale utfordringar. Vi skal halde fram med å snakke saman, men endå viktigare er det å handle – slik bedriftene i Sunnfjord viser oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags