Forsøker SV Naustdal å manipulere Fellesnemnda i Engebø-saka?

Av
DEL

LesarbrevÅsmund Berthelsen forsøker i Firda 28. juni å undergrave Fellesnemnda si avgjerd om å avvise eit av hans forsøk på å la AMR presentere planane sine. Han gjer eit poeng av at Engebø-saka høyrer inn under nemnda sitt mandat, men nyanserer ikkje dette.
Hovudregelen er at nemnda ikkje skal leggje seg opp i drifta til kvar einskild kommune. Dette går fram av rundskrivet H-10/15 frå Regjeringa som også er framheva i intensjonsavtalen for den nye kommunen. 

Føremålet med å la AMR sleppe til er sjølvsagt å påverke nemnda til å gripe inn i Naustdal kommune si interne handsaming (drifta) av Engebø-prosjektet. Dette vil klart vere i strid med hovudregelen i mandatet til Fellesnemnda og er tilsynelatande eit forsøk frå SV på å omgå denne regelen. Avtalen for den nye kommunen slår fast at arealplanane i alle dei fire kommunane vil bli vidareført som gjeldande planar. Dette syner at kvar kommune har ansvaret for å lage og forvalte eigne planar fram til den nye kommunen trer i kraft, og at desse skal respekterast i den nye kommunen.

Som eit tilleggspunkt til arealplanane i avtalen, har alle kommunane fått framheva satsingsområde som Fellesnemnda skal ta spesielt omsyn til i sitt arbeid. Dette går fram av notat datert 15.04.2016. Naustdal kommune har følgande som nemnda skal ta omsyn til: Nærings- og kulturfond, jmfr mineraluttak i Engebø vert tilgodesett «gamle Naustdal kommune». Det er derfor heva over ein kvar tvil at Naustdal kommune har signalisert tydeleg til dei andre kommunane at det skal realiserast gruvedrift på Engebø og at inntektene skal kome lokalområdet til gode. Ved å legge opp til å gripe inn i Naustdal kommune si drift, set SV heile dette punktet i fare. Dette bryt direkte med intensjonsavtalen og mandatet, men SV spelar også russisk rulett med midlar som skal kome Naustdal til gode. Gjennom sine forsøk på trenering og stadige omkampar, har SV ikkje berre undergrave lokaldemokratiet, men også hindra Naustdal kommune frå å kunne fokusere fullt ut på å få i stand alle naudsynte avtalar som må til for å sikre desse inntektene, før den nye kommunen trer i kraft.

Dersom forholda rundt gruvedrifta på Engebø ikkje er avklart før den nye kommunen vert gjeldande, risikerer ein at den nye kommunen tek over handsaminga av prosjektet og då er det ikkje sikkert at midlane frå prosjektet vil kome «gamle Naustdal kommune» til gode. Mandatet og plikta til å støtte opp om intensjonsavtalen fell vekk 1. januar 2020, samstundes som den nye kommunen er på plass og Fellesnemnda vert lagt ned. SV i Naustdal trur at ei handsaming i Sunnfjord kommune skal stoppe prosjektet, men det spørst om ikkje den politiske vinden snur dersom nokon ser moglegheita til å bruke inntektene frå Engebø til andre føremål enn lokalt i Naustdal. Politikarar er kjent for å snu kappa etter vinden og dersom ein kan få inntekter frå eit prosjekt som ikkje er i nærleiken og som kjem næringslivet i Førde til gode, talar mykje for at ei ny handsaming i den nye kommunen, ikkje går i favør av SV Naustdal sitt syn. Dette er ein stor politisk risiko å ta.

SV har i lang tid forsøkt å stoppe Engebø-prosjektet på alle vis. Det siste i rekkja er at dei omfamnar og forsøker å løfte opp AMR som eit alternativ til Nordic Mining, trass i at AMR berre har lause visjonar og ikkje kan syne til verifisert dokumentasjon som underbyggjer prosjektet. Dette ser ikkje ut til å spele noko rolle for SV. 

Det passa også midt i blinken for SV at AMR truga med eit amerikansk søksmål på ein milliard kroner dersom dei ikkje fekk diktere utfallet av reguleringssaka. Den oppkonstruerte saka rundt tunnelen fell inn under mandatet til Fellesnemnda om økonomiske og arealmessige forpliktingar. Dette er nok ikkje tilfeldig, men eit koordinert og avtalt spel mellom AMR og SV. Ein bør ikkje vere for naive for det spelet som går føre seg i kulissane. AMR har gjennom dei lokale eigarane nære røter til SV i Naustdal og Åsmund Berthelsen.
Dei faktiske forholda rundt tunnelen tyder på at saka er konstruert for å passe til mandatet. Eg vil gjerne sjå den domstolen som er samd med AMR i at det er urimeleg å sikre ein tunnel dersom det er behov for dette av omsyn til liv og helse. Spesielt når det i planen vert opna for å vinne ut mineral nærmare enn kva sona legg opp til, dersom ein dokumenterer at dette er forsvarleg. Er det ikkje forsvarleg kan ein ikkje hevde å ha blitt påført tap sidan tunnelen var der først og det er rimeleg å sikre den for vidare bruk. 

Ein føresetnad for å krevje erstatning er at ein har lidd eit tap. All den tid AMR ikkje kan dokumentere at dei kan vinne ut granat på ein økonomisk måte på Vevring, har dei heller ikkje noko grunnlag for å påstå at dei har hatt eit tap. Sjølv om AMR skulle greie å dokumentere at dei kan vinne ut granat på ein økonomisk måte, er det lite som tyder på at dei vil få gjennomslag i ei erstatningssak. Naturvernforbundet har innanfor denne tematikken levert ei omfattande juridisk vurdering som innspel til reguleringssaka. Denne vurderinga slår fast at grunneigarar må tole å få sine område regulert til det føremålet som kommunen ønskjer, samt at dette forholdet ikkje gjev grunnlag for erstatning i seg sjølv. Dette er med andre ord direkte i motstrid med det som AMR påstår i denne saka.
Det er fleire forhold rundt tunnel-saka som understøtter at det heile er eit taktisk spel for å trenere handsaminga. Mellom anna vart oppdatert krav frå AMR sett fram i siste liten til Naustdal kommune, og før saka kom i postlista, var avisa Firda informert om tilhøva slik at dei kunne fremje saka opp mot kommunen. Dette tyder på ein medviten media-strategi, men også på at forfattarane ikkje stolar på at innhaldet i skrivet skulle vere nok til å stoppe handsaminga hjå kommunen. Dersom AMR var sikker på at dei hadde rett på ein milliard kroner i erstatning om reguleringsplanen gjekk gjennom, framstår det som underleg at dei gjer alt i si makt for å stoppe handsaminga av saka. Ein av eigarane i AMR har trass alt uttalt «Vi skal tene pengar» og kva betre måte å gjere dette på enn å få ein milliard opp i armane, utan å byggje eller vinne ut noko som helst? 

Det er mykje som tyder på at SV Naustdal inngår som eit ledd i AMR sin media-strategi. Berthelsen sitt innlegg er ikkje det einaste støtteutspelet til AMR som har kome i tida etter at AMR fekk utsett handsaminga av reguleringsplanen. Ole Erik Thingnes (SV Naustdal) har kome med eit liknande. Min påstand er at dette ikkje er tilfeldig, men ein del av ein felles og koordinert innsats, der målet er å forsøke å trenere eller påverke Naustdal kommune si handsaming av Engebø-saka, til AMR sin fordel. Bildet frå Ole Erik Thingnes sitt innlegg 27. juni der han, Berthelsen og AMR er samla på same bildet, er derfor godt eigna til å illustrere dette innlegget.
Fellesnemnda skal ha ros for å ikkje ha latt seg lure til å blande seg inn i Naustdal kommune si interne drift. Det kunne bli eit interessant samarbeid i Sunnfjord kommune om alle partar plutseleg byrjar å gå på tvers av samarbeidsavtalane som ligg til grunn og forsøker å omgå spelereglane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags