Gladmeldingar frå Nordic Mining?

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarNordic Mining kjem stadig med gladmeldingar om kor bra prosjektet utviklar seg. For eit selskap som kvart år går med mange millionar i underskot som aksjeeigarar og bankar må betale, er det sjølvsagt naudsynt med oppmuntringar slik at aksjekursen ikkje skal gå i null. Dei vonar vel også at eit stort internasjonalt gruveselskap skal bite på og kjøpe dei ut or knipa. Nordic Mining er eit reint kontorselskap som er avhengig av å leige/selje rettane dei har i Engebøfjellet til eit selskap med kapital og kompetanse til å drive gruva slik som konsesjonen seier. Produktet titanoksid skal også seljast til utanlandske bedrifter som kan nytte seg av råstoffet. Mykje av titanoksiden går til å vinne ut metallet titan. Dette metallet er naudsynt i all våpenindustri, flyindustri, og motorar m.m.

Nordic Mining har no også funne at fleire råstoff kan utvinnast av Engebøfjellet. Det er sjølvsagt på tide at dei andre minerala i fjellet vert vurdert og nyttast. Men, dessverre er verknadane ved å dumpe avfallsslammet frå drifta i fjorden øydeleggande for livet i og rundt fjorden mykje dei same om 96 % vert dumpa eller 90 % vert dumpa. Det er jo snakk om hundrevis millionar tonn avfall.

Ei av gladmeldingane var at dei kanskje kunne vinne ut mineralet på 29 år i staden for 50 år. Miljøskadane på fjorden vert dessverre dei same som før, men fortenesta på 2–3 milliardar dei seier vil komme, kjem jo på mykje kortare tid for drivarane. Og i staden for 50 år med støy, støv og skit, vil dei som bur langs fjorden berre bli utsette for dette i 29 år.

Sjølv om det ikkje har komme dei store overskriftene om det, så jobbar fagfolk enno med korleis avfallet frå drifta vil påverke fjorden og miljøet rundt. Ein har avfall frå prosessen med å vinne ut titanoksiden, og så har ein avfall frå dei store mengdene sprengstoff som skal nyttast.

Ein har funne at sprengstoffet og innpakningen av dette kan gi store mengder mikroplast som avrenning. Plast og småbitar av plast (mikroplast) er no det store miljøproblemet i alle fjordar og hav. Det kjem sjølvsagt også andre kjemikaliar frå sprengstoffet.

Ikkje alt slam vil legge seg pent i ein haug midt i Førdefjorden slik det vert hevda. På grunn av dei sterke straumane p.g.a. flo og fjære vil ein del av det finaste slammet etter kvart spreie seg både inn- og utover i fjorden. På grunn av dei store elvane i fjordbotnen vil det bli netto transport av vatn utover i fjorden. Det eg vil kalle den fysiske spreiinga vil såleis påverke miljøet i sjøen ut til øyane på kysten.

Så har vi den biologiske spreiinga av slammet og dermed giftstoffa i avfallet. Næringskjede vil seia at små dyr et plantar, større dyr et små dyr og så vidare. Menneska og andre rovdyr sit på toppen av kjeda og vil såleis få i seg desse stoffa. Det er på denne måten at giftstoff spreier seg over alle hav. Folk på Færøyane er åtvara mot å ete grindkval som dei fangar der på grunn av at kjøtet har stort innhald av miljøgifter. Desse giftene kan dei til dømes ha fått i seg i norske fjordar. Lokalt er Folk også åtvara mot å ete visse typar fisk i Høyangerfjorden på grunn av tidlegare slamutslepp frå aluminiumsproduksjonen. 

All stadbunden fisk i Stavfjorden, Brufjorden og øyane utanfor vert påverka av innhaldet i slammet. Skal vi ta sjansen på at Førdefjordområdet eller andre fjordar for all framtid vert merka med giftmerke? Det var ikkje for ingenting at regjeringa sitt høgste fagorgan innan miljø, miljødirektoratet frarådde slamutslepp til Førdefjorden frå gruvedrifta i Engebøfjellet.              

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags