Saman for ei meir rettferdig nettleige

RETTFERDIG: Ei meir rettferdig nettleige vil kunne ha stor betydning for familiar, næringsliv og satsinga på viktige klimagrep, skriv artikkelforfattarne.

RETTFERDIG: Ei meir rettferdig nettleige vil kunne ha stor betydning for familiar, næringsliv og satsinga på viktige klimagrep, skriv artikkelforfattarne. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Sogn og Fjordane er i landstoppen av kraftproduksjon. Likevel må innbyggarane i fylket betale betydeleg meir i nettleige for å bruke straumen. Det påverkar familiar, næringsliv og satsinga på viktige klimagrep.

Familiar flest i Sogn og Fjordane betalar langt meir i nettleige enn kva dei gjer i det sentrale austlandsområdet og i dei store byane. Det gir usosiale utslag, og påverkar kvardagsøkonomien til både unge og eldre, sjølv om ein bur like ved kraftstasjonen der straumen blir produsert.

Skeivfordelinga i nettleiga gir vidare utslag for mange verksemder som brukar mykje kraft til drift og produksjon. Som nokre bransjedøme får verft, hotell, bakeri og industri ei «ekstrarekning» på nettleiga som i mange tilfelle blir fleire hundre tusen kroner. Det er midlar som mange av verksemdene heller kunne investere i tilsette, utvikling og verdiskaping.

Fylket vårt kan bidra med fornybar kraft og teknologi. Vi kan investere i ein betydeleg straumproduksjon, og vi kan satse på elektrifisering av transport på sjø- og land. Utfordringa er at dei naudsynte oppgraderingane av linjenettet medfører ei ytterlegare auke i nettleiga til innbyggarane i kraftområdet. Dette er ikkje rettferdig. Vi vil ta klimaansvar, men vi

Helge Robert Midtbø (t.v.) og Torbjørn Vereide. Foto: Privat

Helge Robert Midtbø (t.v.) og Torbjørn Vereide. Foto: Privat

forventar ei betre fordeling av kostnadane som følger av investeringane i den fornybare infrastrukturen. Denne systemfeilen må vekk.

Som konsekvens av samanslåinga mellom Sunnfjord Energi (SE) og BKK vil nettleiga gå ned i dei sju kommunane som ligg i forsyningsområdet til SE, det er bra. Men dette viser og kor urimeleg dagens nettregime er med store forskjellar i pris som er knytt til kvar du bur i Sogn og Fjordane.     

Den 8. mai la Distriktsenergi fram eit framlegg til ny modell for å få ei meir rettferdig fordeling av nettleiga. Denne modellen vektar effektiviteten i nettselskapa slik at det ikkje vil vere til hinder for fornuftige strukturendringar i kraftbransjen.

Olje- og energidepartementet har i brev datert 28.02.2019 bede Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) vurdere ulike verkemiddel og tiltak som kan jamne ut nettleiga for alle forbrukarar i distribusjonsnettet. Vurderinga skal gje anbefaling på kva tiltak eller verkemiddel som er best eigna. Departementet ber om at NVE sine vurderingar må vere klare 1. oktober 2019. Med andre ord. Det er no det faktisk kan bli utretta ein verkeleg forskjell i denne saka. 

Ei meir rettferdig nettleige vil kunne ha stor betydning for familiar, næringsliv og satsinga på viktige klimagrep. Difor er vi glade for at vi fekk så sterk støtte fylkestinget i Sogn og Fjordane då vi tok opp denne saka i sommar. Dette betyr noko, så her må vi legge ned eit grundig arbeid på tvers av alle partifargar. Vi må stå saman for ei meir rettferdig nettleige.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags