DEBATT: Samanslåing av nettselskap – ein fordel for kven?

KVEN VINN? Staten er vinnaren dersom det blir færre nettselskap, meiner Håkon Sandvik.

KVEN VINN? Staten er vinnaren dersom det blir færre nettselskap, meiner Håkon Sandvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEi samanslåing av nettselskap vil ha den effekten for folk flest at tariffen blir utjamna over eit større område. Nokon (relativt få) får då redusert nettleiga, medan dei mange får ein liten auke. Dei samla kostnadane til drift og utbygging av nettet blir nok redusert, men samla sett i relativt liten grad. Det vil i alle høve ikkje kunne merkast av kundane.

Det er ein aktør som har fordel av ei slik samanslåing. Det er Staten, som slepp å løfte ein finger for å oppnå at folk i grisgrendte strok får utjamna nettleiga med folk i sentrale strok. Då treng ikkje Staten stresse med utgreiingar og politisk innsats for å fjerne den ulike handsaminga når det gjeld nettleige av folk etter kvar dei bur.

Ein seier at det er brukarane som skal betale det det koster å drive og bygge ut nettet i sitt område. Men då underslår ein at den politisk fastlagde delinga mellom regionalnett og sentralnett og fordelinga av nettleige mellom produksjon og forbruk gir slike utslag. Det er eit faktum at regelverket er utvikla av folk og miljø som har sin referanse i sentrale strok, nærare bestemt i Oslogryta.

Elles er vel ikkje BKK sine hensikter i denne saka edlare enn SFE og Sunnfjord Energi sine. Men eg konstaterer at Firda på mange vis framstår som «ein nyttig idiot» for BKK, ved å legge til grunn deira tilnærming utan særleg atterhald.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags