Firda bommar om nettleige

Odd Frantzen

Odd Frantzen Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDei siste dagane har utjamning av nettleige vore tema igjen. Saka skal opp i Stortinget. Onsdag 14. februar krev leiaren i Firda meir rettvis nettleige. Men kva er rettvist?

Perspektivet og framstillinga i leiaren er feil. Det blir gjort eit stort poeng av at vi bur i regionen der straumen vert produsert, og dermed bør ha rimeleg straum. Det er ikkje relevant kvar straumen blir produsert. Det som betyr noko er kva det kostar å få straumen fram til hus og verksemder.

Det er langt mellom husa og verksemdene i fylket vårt. Det betyr mykje linjenett som skal byggast og haldast ved like. Dette kostar mykje. I Sogn og Fjordane er det færre å dele denne kostnaden på enn i strok av landet der folk bur tettare. Kvar og ein av oss må betale litt meir.

Men er ikkje dette prisen vi må betale for å bu slik vi gjer? Kor rettvist er det eigentleg å sende rekninga til naboen? Det enkelte forlanger er faktisk at dei som bur sentralt, og som betaler ein lågare pris fordi det er meir rasjonelt og effektivt å få straum fram til husa, skal måtte betale ekstra fordi vi i Sogn og Fjordane ikkje vil betale våre eigne kostnader fullt ut.

Høgre vil ikkje ha utjamningsordninga slik den er no. Frida Melvær grunngir dette godt i ein artikkel på firda.no 13. februar. Det handlar mellom anna om at den har liten effekt. Vi betaler meir på grunn av skilnader i selskapsstruktur, avstandar og folkemengde. Haldninga i Høgre er at større nettselskap vil kunne bygge ut og drive meir effektivt og på den måten få ned kostnadane. Nettselskapa i Sogn og Fjordane må slå seg saman. Det er ei haldning eg støttar. Så trur eg vi må finne oss i å betale litt meir enn andre, fordi vi vel å bu så spreidd som vi gjer. Vi kan i alle fall ikkje forvente at andre skal ta rekninga for oss.

Leiaren i Firda forsøker seg på å analysere kvifor Høgre har den haldninga dei har i denne saka. Og bommar grovt, slik eg ser det. Påstanden i leiaren er at Høgre si haldning har sin årsak i at det er flest stemmer å hente der det bur mest folk. Dei fleste som har lese kva Frida Melvær seier til Firda 13. februar vil forstå at dette er feil. Der grunngir Høgre standpunktet sitt godt etter mi meining.

Frida Melvær

Frida Melvær Foto:

Eg forstår at Firda driv ein kamp for utjamning av nettleiga, men det er alltid ein fordel å forhalde seg til det som er sant.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags