Nettleige og straumprisar i Norge

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDu skal ikkje tole så inderleg vel den urett som ikkje rammer deg sjølv, Terje Søviknes!

I nyheitssendinga fredag 17.03 uttaler Olje- og energiminister Terje Søviknes at innbyggarane i Sogn og Fjordane berre må tole å betale 40 % meir nettleige enn resten av landet. Kva er det for slags resonnement? Vi fekk for nokre år sidan vite at der måtte byggast ei line gjennom Sogn og Fjordane for å forsyne Midt-Norge med straum. Naturinngrepa vekte harme i mange. Lina er no bygt. Denne straumen som no går gjennom linene blir for det meste produsert i Sogn og Fjordane. Skulle så ikkje vi få betalt for straumen vi leverer? Det er då berre til å legge på prisane til dei som får straumen så Sogn og Fjordane energi, SFE, kan tene nok pengar til å dekke utgiftene sine! Skal vi som innbyggarar i Sogn og Fjordane svi for dette? Eg har aldri høyrt på maken! Her må vi reagere! Dette går vi ikkje med på! Vi har alle sett på rekningane våre i det siste at nettleiga er omtrent dobbelt så høg som forbruket. No er smertegrensa nådd! Straumprisen for den vanlege husstand har i tillegg gått opp med 15 % frå 2015. Det er klart at dette går å forandre på!

Vidare planlegg Statnett meir linebygging for å selje meir straum ut av landet. Dette skal dekkast med opp til 30 % auke i straumprisar for den vanlege nordmann over dei neste 12 åra. Vi er då oppe i 70 % auke i straumprisane på få år for innbyggarane i Sogn og Fjordane. I vårt kalde land treng vi lave straumprisar fordi forbruket er stort. Vi har rikeleg med vatn og kan produsere rikeleg med rein kraft. Vi treng ikkje flå våre eigne innbyggarar for å hjelpe andre med straum.

Samtidig tek kommune, fylkeskommune og staten ut mange millionar kroner i utbytte kvart år frå kraftselskapa. Når så linenettet skal byggast ut må kraftselskapa ta opp store lån for nye utbyggingar som igjen forbrukarane må betale avdrag på gjennom straumprisane. Ein vond sirkel som vi må få slutt på!

Fylkesordførar Jenny Følling meiner at vi politikarar må ta dette inn til Stortinget. På Fylkesårsmøtet til Partiet De Kristne på Skei vedtok vi ein resolusjon som no er sendt til Landsmøtet i april. Der skriv vi som følger:

PDK vil:

• Ha ei rettferdig nettleige fylka imellom.

• Utbytte frå kraftselskapa skal inn igjen i investering i linenettet og nedbetaling av lån.

• Eksport av straum berre når der er overproduksjon i regntunge tider.

• Unngå for mykje neddemming av vatna i kraftanlegga om sommaren så straumprisane aukar om hausten. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags