Nettleige vs. lokalt eigarskap

NETTLEIGE: Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi, om samanslåingsplanane og nettleige.

NETTLEIGE: Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi, om samanslåingsplanane og nettleige. Foto:

Av
DEL

MeiningarFusjonsplanen mellom Sunnfjord Energi og SFE har blitt parkert av BKK som foreslår at Sunnfjord Energi skal slå seg saman med dei. BKK lovar lågare nettleige til kundane og større utbytte til dei kommunale eigarane ved ei slik løysing. Prisen for dette er å overlate kontroll med viktig infrastruktur, lokale naturressursar og viktige lokale arbeidsplassar til styret i BKK.

Som selskap skal ikkje Sunnfjord Energi delta i diskusjonar om eigarskapen, men det er vår plikt å bidra til at informasjonen som kjem fram er brei og nyansert, og at politikarane ser det heile bilete når dei skal velje vegen vidare.

I Sunnfjord Energi er vi opptekne av at kundane skal betale så låg nettleige som mogleg, men førebels er nettleiga i Sogn og Fjordane fylke blant dei høgste i landet. Dette skuldast spreidd busetnad, færre kundar, utfordrande topografi og klima og eit nett som skal ta imot mykje kraftproduksjon.

Nettleiga kan jamnast ut på to måtar; anten gjennom at små energiselskap slår seg saman med større eller gjennom politiske vedtak.

BKK har ein visjon om eit stort vestlandsselskap frå Boknafjorden til Romsdalsfjorden. Det vil ha som effekt lik nettleige over heile Vestlandet men vesentleg høgre enn det som BKK har i dag. Alternativet er at ein jamnar ut nettleiga gjennom politiske vedtak. Regjeringa har tatt nettleigeutjamninga inn i sin samarbeidsplattform, og på Stortinget er det fleirtal for lik nettleige i heile landet.

Vi trur energibransjen må konsolidere framover og samle kompetanse og kapital i større einingar. Selskapet har arbeidd for at vi fyrst skulle samle oss her i fylket. På den måten vil ein kunne utvikle og dyrke kompetansemiljø som vil vere robuste og store nok til å få viktige oppgåver og ansvar i ein større samanslutning på eit seinare tidspunkt om det skulle vere ønskjeleg.

I over 100 år har lokalt eigarskap og lokal styring ført til eit utvikling av våre lokalsamfunn. Selskapet har bygd opp ein moderne og stabil infrastruktur, vi sikrar god utnytting av naturressursane i vårt område og vi er ein attraktiv og spanande arbeidsgjevar som får ungdommen heim etter avslutta utdanning.

Dei siste åra selskapet fått på plass investeringar i kraftverk i lokalsamfunna på over 2 milliardar kroner i ulike samarbeid med andre. Dette betyr skatteinntekter for vertskommunen og på sikt utbytte for alle eigarane.

Selskapet har saman med SFE etablert Enivest og fått på plass fiber- og breibands-investeringar på ein halv milliard kroner, og Sogn og Fjordane har gått frå å ha den dårlegaste breibands-dekninga i Norge til å vere blant dei beste.

Sunnfjord Energi er også ei drivkraft for innovasjon og utvikling i nærmiljøet. Vi har til dømes sørga for elektrifisering av oppdrettsanlegg langs kysten, vi er i gang med utvikling av eit drone-samarbeid for kraftbransjen i lag med Airlift og vi arbeid med det første norske mikronett med energi frå sol, vind, og batteri som alternativ til nettinfrastruktur.

Dei siste åra har selskapet halde att på utbytte til eigarane for å ha musklar til å investere for framtida. No ventar ein at investeringane skal kaste av seg, og prognosane til selskapet viser vekst i utbytte for eigarane i åra framover.

BKK har sagt nei til fusjonsplanen med SFE, og styret har bedt om at BKK konkretiserer løysinga dei ser føre seg i neste styremøte. I mellomtida skal selskapet fortsette samfunnsoppdraget med å sørge for sikker og rasjonell strømforsyning i området vårt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags