Meir fornybar kraft krev meir nett

Erik Espeset svarar på statssekretær Toril C. U. Reynolds lesarbrev omnettleige.

Erik Espeset svarar på statssekretær Toril C. U. Reynolds lesarbrev omnettleige. Foto:

Av
DEL

LesarbrevStortinget og regjeringa ønskjer at vi som nasjon skal produsere og bruke meir fornybar energi. I tillegg til dette skal vi eksportere meir fornybar kraft til nabolanda våre slik at vi kan fortrenge fossil energi og kjernekraft der. Dette er bra, dersom alle innbyggarane i nasjonen og nabolanda deler på denne rekninga.

Vi som bur på Vestlandet må vere budd på at det blir bygd meir småkraft i vassdraga våre og det vil bli bygd mykje meir vindkraft. Dei fleste ferjesamband vil også bli elektrifisert, og det må bli lading og landstraum til skip som skal vitje dei store turistdestinasjonane våre. For å få dette til så må vi bygge mykje nytt kraftnett.

Hovudproblemet er at vi som bur her må betale meir enn andre for å realisere den nasjonale fornybarpolitikken.

Erik Espeset

Styreleiar i Mørenett og huseigar på Viksdalen

Ålesund

Statssekretær Toril C. U. Reynolds i Olje og Energidepartementet skriv at Statnett gjer redusert tariff til regionalnett med mykje kraftproduksjon. Hovudproblemet er derimot at det meste av småkrafta blir mata inn i det underliggande distribusjonsnettet. Dette distribusjonsnettet vart bygd for alminneleg forsyning til tettstader og bygder, og har aldri vore dimensjonert for innmating av kraftproduksjon. Denne kraftproduksjonen krev nettforsterkning og er fordyrande å handtere for eit nettselskap. Det er alminnelege forbrukarar som må betale det meste av dette.

Ferjene på dei fleste norske riks- og fylkesvegsamband skal elektrifiserast innan 2025. Dei fleste av ferjesambanda er på Vestlandet. Det å forsterke kraftnettet ut til ferjekaiene krev store nye investeringar. Slike ferjer skal ha ein ladeeffekt frå 3 til 6 MW, og dette svarar til makseffekten i eit middels vestnorsk kommunesenter. Med NVE sin noverande reguleringsmodell for nettselskap, vil alminnelege nettkundar betale for ein god del av denne tilleggsrekninga.

Toril C. U. Reynolds skriv at skilnad i nettleige vil stimulere til fusjonar mellom nettselskap ved at kundane i selskapet med høg nettleige ønskjer fusjon med nettselskap med låg nettleige. Dette er det fleire motsette eksempel på. Når vi skulle vedta Mørenett fusjonen i 2013 var det med 25 mot 24 stemmer i Ålesund Bystyre. Hovudargumentet som ålesundarane brukte var at ein fusjon ville gje dei høgare nettleige. Liknande eksempel finst det i Trøndelag der dei no diskuterer fusjon mellom Trønder Energi (Trondheim+) og Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk. Her har dei valt finansakrobatikk for å få til ein fusjon ved å skape eit nettkonsern framfor ein samla nettselskap. Dette gjer at trondheimarane kan få halde på den låge nettleiga si.

Det er fleire politiske parti som arbeider for at vi skal få lik nettleige i heile landet. Førebels har det ikkje vore politisk fleirtal for dette.

Eg meiner at om vi ikkje skal ha lik nettleige, så bør vi i alle fall få til ei betre utjamningsordning. Då må ikkje dei alminnelege nettkundane på Vestlandet betale meir enn andre for at storsamfunnet skal realisere den nasjonale målsetninga på fornybar energi.

Nokre hevdar at utjamning av nettleige kan redusere drivkreftene hjå mindre og dårleg drivne nettselskap til å drive effektivt. Dette er feil. NVE sin reguleringsmodell sikrar motivasjon for effektiv drift for alle nettselskap, og dersom OED ønskjer det så kan denne reguleringa strammast enno meir til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags