Nei takk til pils i parken!


Vi veit born og ungdomar i heimar der foreldre misbrukakar alkohol sannsynleg har langt nokre tøffe veker og dagar bak seg, no når skular og barnehagar har vore stengde. Og nettopp difor har vi – kanskje spesielt no – eit felles ansvar for å legge til rette for at alle som opplever utryggheit heime skal skjermast frå alkoholbruk i det offentlege rom, skriv artikkelforfattaren.

Vi veit born og ungdomar i heimar der foreldre misbrukakar alkohol sannsynleg har langt nokre tøffe veker og dagar bak seg, no når skular og barnehagar har vore stengde. Og nettopp difor har vi – kanskje spesielt no – eit felles ansvar for å legge til rette for at alle som opplever utryggheit heime skal skjermast frå alkoholbruk i det offentlege rom, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I store delar av landet har vi no fått ein forsmak av sommar. Sola skin og mange finn vegen ut i parkar, til stranda og til andre offentlege stadar. Det er kjempeflott – særlig no når mange elles må vere mykje inne.

Koronatida viser at vi er flinke til å ta felles ansvar for å verne utsette grupper for smitte. Tenk om vi var like villige til å ofre eiga nyting til fordel for fellesskapet også i nokre andre viktige samfunnnsutfordringar! For eksempel i haldning til alkohol.

Å overhalde forbudet mot drikking på offentleg stad er også ei solidaritetshandling som gagnar utsette grupper: born, ungdom og eigentleg alle i samfunnet. Fordi auka alkoholbruk diverre fører til fleire med problembruk.

Før eg går vidare om pilsen i parken, litt om noko generelt om alkohol eg har tenkt på dei siste vekene:

Slik eg har oppfatta det har mange restaurantar og serveringsstadar funne det mest tenleg å stenge og permittere i koronatida fordi dei ikkje får selje alkohol. I mange reportasjar i media har det ikkje kome tydeleg fram om det er alkoholnekten eller smittevernet som er årsaka. Dei hadde altså kunne halde ope om folk som gjekk dit drakk alkoholfritt...? Dette viser kor mykje alkoholomsetninga betyr i samfunnet, og bør vere eit tankekors, vel?

Vi veit at omtrent 90.000 barn og unge lever i heimar der ein eller begge foreldre misbrukar alkohol (og opp mot 200.000 i heimar der foreldra har eit risikofylt forbruk). Då veit vi og at desse borna og ungdomane sannsynleg har langt nokre tøffe veker og dagar bak seg, no når skular og barnehagar har vore stengde. Og nettopp difor har vi – kanskje spesielt no – eit felles ansvar for å legge til rette for at alle som opplever utryggheit heime skal skjermast frå alkoholbruk i det offentlege rom.
Alle parkar, strender og offentlege område skal vere trygge for barn og unge.

Forbodet er også på plass for å sørge for at offentlege plassar skal vere trygge og hyggelege stader for folk flest, der ein kan slappe av saman med familie og venner uten å måtte bekymre seg for fulle folk. Ei undersøking utført for IOGT av Opinion i 2018 viste at 1 av 5 har hatt ubehagelege opplevelsar knytta til drikking på offentleg stad. Tilsvarande tal for dei under 30 år er så høgt som 1 av 4.

Det er solid folkeleg oppslutnad om alkoholforbudet på offentleg stad. Same undersøking viste at 62 prosent av dei spurde støtta forbodet. Dessuten har forbodet ein sterk førebyggande effekt på kor mykje det vert drukke i parkane:

44 prosent av dei spurde fortalte at lova bidreg til at dei let vere å drikke, og 57 prosent at den bidreg til at dei begrensar alkoholbruken. I undersøkelsen oppga også 60 prosent av dei spurde at dei var uroa for at det ville verte meir alkoholbruk på offentleg plass dersom forbudet vart oppheva.

1 av 2 ønskjer betre håndheving. 53 prosent av dei spurde meinte forbudet mot alkohol på offentleg stad bør håndhevast betre. Difor er IOGT glad for justisminister Monica Mælands sin uttale om at det ikkje er aktuelt å sjå mellom fingrane på drikking i parkar og andre offentlege stader, sjølv om tilgangen til serveringsstader no er begrensa. – Det er ulovleg å nyte alkohol i parkar og i friluft, og dersom politiet kjem over det, så vil det verte slege ned på, sa ho nyleg til
TV 2.

Hjelp oss å auke bevisstheita. Politiet er no aktivt ute i gatebiletet og passar på at folk overheld smittevernreglane. Dette er også eit godt høve til å auke bevisstheita rundt det viktige av eit alkoholfritt offentlig rom. Difor er det viktig og rett at politiet reagerer kvar gong ved alkoholbruk i parkar, på strender og andre offentlege stadar. Folk må på ein hyggeleg og tydeleg måte få beskjed om å fjerne alkoholen. Og dersom det ikkje hjelper, så har altså politiet høve til å bøtelegge.

Men det aller beste hadde sjølvsagt vore om vi i fellesskap klarar å skape trygge og hyggelege offentlege arenaer. IOGT oppfordrar difor alle til å overhalde og minne kvarandre om forbudet, før det vert nødvendig for politiet å gripe inn.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags