EU lagar alle lovene – og EU tolkar alle lovene

GROVE FEIL: Mange i ulike maktposisjonar har gjort grove feil i Nav-skandalen. Dei fleste som vert skadelidande i denne saka, høyrer heime langt nede i samfunnspyramiden. Kan det tenkjast at det kunne gjerast like grove feil dersom dei det råka høyrde heime høgt oppe i samfunnspyramiden? spør artikkelforfattaren. Bildet er frå Stortinget der arbeids- og sosialminister, Anniken Haugli gjorde greie for trygdeskandalen.

GROVE FEIL: Mange i ulike maktposisjonar har gjort grove feil i Nav-skandalen. Dei fleste som vert skadelidande i denne saka, høyrer heime langt nede i samfunnspyramiden. Kan det tenkjast at det kunne gjerast like grove feil dersom dei det råka høyrde heime høgt oppe i samfunnspyramiden? spør artikkelforfattaren. Bildet er frå Stortinget der arbeids- og sosialminister, Anniken Haugli gjorde greie for trygdeskandalen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

EU har 28 medlemsstatar og 512 millionar innbyggjarar. Målet frå starten har vore å gjere medlemsstatane meir like på nye og nye felt. Framtidsmålet er ein føderalstat, om lag som USA. I botnen for EU-prosjektet, som ei «grunnlov», ligg dei fire fridomane: varer, tenester, kapital og arbeidskraft skal kunne flyte over landegrensene utan at nokon stat skal kunne lage lover som hindrar denne frie flyten. Desse fire fridomane er urørlege! Same kva styrketilhøvet er mellom partia i EU-parlamentet så kan ikkje parlamentet lage lover som rører ved fri flyt av desse fire.

Det er sjølvsagt at når lover i EU og lover i Noreg kolliderer så styrer EU, og Noreg må vike. Det er også fastslege i EØS-avtalen. 28 statar med 514 millionar innbyggjarar trumfar Noreg, rimeleg nok. EØS-avtalen tok til å gjelde 1. januar 1994. Då Noreg gjekk inn i EØS-avtalen, forplikta vi oss til å overta dåverande lover og forordningar for den frie marknaden. Og når EU lagar nye lover, er vi forplikta til at Stortinget skal vedta desse som norsk lov, bokstav for bokstav.

Asbjørn Geithus.

Asbjørn Geithus. Foto:

Nav- skandalen demonstrerer tydeleg at: EU lagar alle lovene i EU, og EU tolkar alle lovene. Noreg har ingen rolle i EU- lovgjevinga og har heller ingen rett til å tolke lovene EU har gjeve. I 2012 vart EU-forordning 883/2004 ein del av norsk trygderett. Artikkel 21 slår fast at dei som tek mot sjuke-, pleie- og arbeidsavklaringspengar, kan ta imot ytingane sjølv om dei oppheld seg mellombels i eit anna EØS-land. Nav heldt likevel fast på si praktisering om at mottakarane som hovudregel må opphalde seg i Noreg for å få ytingane. I tida juni 2017 til mars 2018 avseier Trygderetten fleire dommar i klagesaker, der det vert slege fast at Nav praktiserer reglane feil. Men Nav endra ikkje praksis og sette seg dermed opp mot at EU styrer. Dette måtte føre til den tilstanden vi har no; rot og konflikt.

EØS-avtalen pålegg Stortinget å implementere EU-lover (Stortinget vedtek at EU si lov/ sitt regelverk skal gjelde bokstav for bokstav også i Noreg). Men i Nav-saka oppfører norske styresmakter seg som om Noreg kan styre slik dei vil og lage sine eigne reglar for kvar mottakarar av stønadspengar kan bu. Men EØS-avtalen gjeld også for å flytte trygdepengar over landegrenser.

Ein kan lure på korleis i all verda norske styresmakter har kome på at der gjeld ikkje EØS-avtalen om fri flyt. Og når Stortinget lagar sine lover, så er det vel rimeleg at folk flest trur at dette har Noreg rett til å bestemme. Kven kan vite at dette går ikkje fordi det bryt med EU si lov for området? Men ekspertar i ymse styresverk skal vite.

Så kan ein lure på kvifor dei følger villig med på lasset utan å gje lys frå seg. I 2012 vart EU-forordning 883/2004 ein del av norsk trygderett. Artikkel 21 i EU- forordninga omtalar avgjerda om retten til å ta med seg kontantytingar ut av landet. Hovudavgjerda i første ledd lyder: «Et medlem i trygdeordningen og medlemmer av hans/hennes familie som bor eller oppholder seg i en annen medlemsstat enn den kompetente medlemsstat, skal ha rett til kontantytelser fra den kompetente institusjon i samsvar med lovgivningen den anvender». Dette er tydeleg tale og gjev ingen tolkingsproblem.

Norske styresmakter har oversett EØS-avtalen og har gjeve norske rettsreglar forrang. Og Nav har laga si eiga praktisering som bryt med EU si lov. Og det går ikkje når fakta vert tvinga fram og lagde på bordet. I den norske folketrygdlova står det: «Det er et vilkår for rett til arbeidsavklaringspenger at medlemmet oppholder seg i Norge». Dette er ei lovgjevingsskandale.

Det er Stortinget som vedtek lover, og her har Stortinget vedteke ei villeiande lov. Det er rimeleg at folk flest trur ein kan stole på lovene Stortinget vedtek. Så kan ein spørje; Kvifor slapp lovavdelinga i departementet gjennom ein lovregel som openbert var misvisande? Og kvifor har så mange ekspertar berre passivt teke opp att feila frå departement/ regjering og Stortinget, i staden for med si faglege tyngde å seie: Dette er feil!

Men no vil alle måtte lære at EU styrer, og at Noreg ikkje kan lage unntak frå dei fire fridomane. Dei er grunnfjellet i EU-systemet. Og at Noreg ikkje kan lage seg eit rom utanfor EØS-avtalen, eit rom der Noreg styrer med sitt. Ja-kreftene i Noreg snakkar gjerne om kor stort handlingsrom EØS gjev oss. Det handlingsrommet har vi ikkje sett mykje til sidan 1994. Eg oppmodar særleg alle ja-krefter til å studere Nav-skandalen og få med seg at EU styrer, og at der ikkje finst unntak frå dei fire fridomane.

Mange i ulike maktposisjonar har gjort grove feil i Nav-skandalen. Dei fleste som vert skadelidande i denne saka, høyrer heime langt nede i samfunnspyramiden. Kan det tenkjast at det kunne gjerast like grove feil dersom dei det råka høyrde heime høgt oppe i samfunnspyramiden?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags