Røyst for fjord!

Natur og Ungdom sin sommarleir på Vevring i Naustdal.

Natur og Ungdom sin sommarleir på Vevring i Naustdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Under partidebatten på Natur og ungdom si nsommarleir i Vevring var viktigheita av arbeidsplassar eit av dei store tema som vart diskutert. Frp sin Frank Willy Djuvik laga eit stort poeng av at ein treng arbeidsplassar for å hindre ei negativ folketalsutvikling i fylket, og han ba motstandsrøyrsla om å komme med forslag til alternative arbeidsplassar. Det verkar som om Djuvik heilt har gløymt dei 60 lokale bedriftene som har signert eit opprop mot fjorddeponiet. Desse bedriftene har ei årleg omsetting på kring 17 mrd. kroner og er avhengige av ein fjord som er rein og livskraftig, både i omdømme og røynd. Ei etablering av nye arbeidsplassar innanfor gruveverksemd kan samstundes føre til ei redusering av arbeidsplassar i allereie etablerte kystnæringar. Det viktigaste argumentet til gruveforkjemparane er såleis kanskje det svakaste.

Då nyheita om regjeringa sitt løyve til fjordeponiet kom 17. april støtta over 500 lokale unge ein uttale om at dei følte seg svikne av både lokale og nasjonale politikarar. No er det valtider og dei fleste parti har tatt eit tydeleg standpunkt om kvar dei står i debatten. Førehandsrøystinga er opna, og eg vil nytte høve til å oppfordre alle som skal reise vekk for å studere om å røyste for fjord og berekraftige arbeidsplassar, slik at dei framleis har attraktive arbeidsplassar å vende heim til etter studiane. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags