Slutten for Nordic Mining sine planar på Engebø

PANIKK: Det vart derfor full panikk i rekkene då det var klart at fråsegna frå Raudt, SV, AP, MDG og Venstre kom til å bli vedtatt, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå kommunestyret der Jenny Følling (Sp) spør Håkon Myrvang (Ap) om han kan vere med på formuleringa om fjorddeponi.

PANIKK: Det vart derfor full panikk i rekkene då det var klart at fråsegna frå Raudt, SV, AP, MDG og Venstre kom til å bli vedtatt, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå kommunestyret der Jenny Følling (Sp) spør Håkon Myrvang (Ap) om han kan vere med på formuleringa om fjorddeponi. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAlle som har følgt med i debatten om driftsløyve til Nordic Mining (NM), har fått med seg at det var ikkje fleirtal for den fråsegna om søknad om driftskonsesjon, H, SP og KrF la fram i kommunestyret den 12.11. 2019. I tillegg til dei to frå Høgre og ein frå KrF, var det ein, om ikkje to, i SP, som ikkje ville godkjenna sjødeponiløyvet til NM, som denne fråsegna i røynda gjorde.

Det vart derfor full panikk i rekkene då det var klart at fråsegna frå Raudt, SV, AP, MDG og Venstre kom til å bli vedtatt. Håkon Myrvang, mannen som hadde gått mot eige partis valprogram og underteikna avtale med NM på sjølvaste valdagen, la derfor fram eit tilleggsframlegg om «full utnytting av mineralressurs og produsert næringsavfall.» Etter gruppemøte blei dette inkludert i eit fellesframlegg frå SP, H og Myrvang: «Sunnfjord kommune støttar mineralutvinning på Engebø-fjellet og full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi.»

Kva var det fleirtalet var så ivrige etter å berga, anna enn eige ansikt og prestisje, og kva blir konsekvensane? For det første er no alle i kommunestyret blitt einige om dette hovudpunktet. Det er eit sterkt innspel til Mineraldirektoratet, og dette vedtaket har konsekvensar.

Fleirtalet i kommunestyret har kanskje hatt håp om at dette framlegget kom til å redda NM. Men heile driftsplanen til NM er jo basert på nokre svært integrerte deler: Fjerning av fjelltoppen, landdeponi, ope dagbrot og sjødeponi. Rutilet, som alle løyva til NM er basert på, utgjer berre 2-3% av opptekne massar. Selskapet har ikkje løyve til å vinne ut granat i større grad enn det som er nødvendig for å vinna ut rutil.

Det var og er derfor ein integrert del av NM sine planar, å dumpe mesteparten av massane rett bak seg i dalen (landdeponi) og i fjorden (sjødeponi). Krav om full utnytting av ressursar, og ikkje noko sjødeponi, betyr slutt for Nordic Mining sine planar på Engebø, slik dei har vore fram til no.

Kva er skilnaden mellom full utnytting og maksimal utnytting?

Skilnaden er ganske stor, og enkel å forklare. Full utnytting av ressursane betyr at selskapet som har løyve til gruvedrift skal bruke alt dei grev opp: Det skal vere full utnytting av det hovudmineralet selskapet har fått løyve til å utnytta, og all anna masse som kjem opp skal brukast til andre føremål eller oppbevarast slik at den kan utnyttast. «Maksimal utnytting» betyr at selskapet stort sett avgjer sjølv kor mykje av massane det til ei kvar tid er økonomisk gunstig å utnytta.

I tilfellet NM er det synonymt med sjødeponi og landdeponi. Det var derfor kampen om ordlegginga i dei ulike fråsegnsvariantane var så viktig. Fråsegna til H, SP og KrF, brukte «maksimal utnytting». Den opphavlege fråsegna til Venstre og MDG, som desse partia la fram i formannskapet, brukte same ord, «maksimal utnytting». Det var ikkje før teksten vart endra av SV og Raudt til «full utnytting», at V og MDG la seg på same linje. Det vart AP med på òg, og som vi seinare har sett, heile kommunestyret.

Det er derfor både fullstendig ulogisk og i motsetnad til fråsegna frå Sunnfjord kommune, at Håkon Myrvang prøver å flykta frå sitt eige forslag: «Nei, fjorddeponiet må vere der, men om vi kan bruke massen, så deponerer vi ingenting. Det er sånn det fungerer», seier A – politikaren. Nei, det er ikkje slik det fungerer, Myrvang. Hadde kommunestyret følgt den opphavlege versjonen, med «maksimal utnytting», då hadde ikkje konklusjonen vore så galen. Men med «full utnytting» er det ikkje lenger opp til NM «om vi bruker massen». Den skal brukast.

Det betyr også at det må vere full utnytting av den gråsteinen som NM har planar om å ta opp. Vi kan vere einige med Ivar Fossum i Firda: «Slik naturen er forma ut rundt Engebøfjellet er området ikkje eigna for deponi på land.» Noverande planar om å hive desse oppsprengde massane bak seg og fylle Engebødalen, tar ingen omsyn til at desse massane skal brukast.

Heile landdeponiet skal ha ein masse på 14 millionar kubikkmeter, og skal spreiast over eit område på størrelse med 55 fotballbaner. Det skal ligge i ni trappetrinn som kvart er 20 meter høgt, altså 180 meter høgt. Det er ikkje tilgjengeleg for utnytting. Nordic Mining har aldri hatt nokre planar om å utnytte desse massane fullt ut, slik Sunnfjord kommune samrøystes no stiller krav om.

NM kan ikkje fråseie seg ansvar ved å annonsera at andre kan få lov til å bruke massane, anten det er kommunen eller andre. Det er ikkje full utnytting av ressursar. Då kunne NM like godt ha annonsert at dei gir kven som helst lov til å bruke massane som dei har tenkt å hive i Førdefjorden, og meina at selskapet dermed har oppfylt krava om full ressursutnytting.

Då fleirtalet i panikk skaut seg i foten for å redda ansikt – var det kanskje for deira del eit vådeskot. Men vi får uansett håpe at det kjem til å redde Førdefjorden og Engebø-fjellet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags