Problem eller moglegheiter?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevPå byrjinga av 1960-talet snakka John F. Kennedy om det kinesiske teiknet for krise, som er todelt og tyder både fare og mulegheiter.

Menneskeslekta står i dag framfor eit viktig vegskilje: Skal vi halde fram som før eller stogge opp og tenkje oss om? Vel vi det første køyrer vi på raudt lys og set oss sjølv i fare, seier forskinga. Vi har berre eitt alternativ igjen: Lat oss difor gå i tenkjeboksen og sjå på mulegheitene!

På smelteverket i Svelgen i Bremanger var deponering av industriavfall lenge eit stort og kostbart problem. Etter kvart fann ein ut at røykavfallet, microsilisiaen, kunne nyttast i betongindustrien og den vart deretter eit etterspurt salsprodukt. I 1992 vart det nye VVX-reinseanlegget opna og avfallsprodukta vart selde og nytta i prosessane ved vass- og kloakkreinseanlegg i staden for å forureine fjorden utanfor Svelgen. Elkem Bremanger var dermed òg blitt ein kjemikalieprodusent.

Ved å utnytte avfallsmassane til annan industri kan vi få til ei tilsvarande industriutvikling på Engebøen ved Førdefjorden. Då vil vi få fleire og meir langvarige arbeidsplassar, samtidig som vi tar vare på miljøet.

Når gruvedrifta tar slutt kan vi kanskje bruke gruva til kunsthallar, kultursenter, universitet, og forskingsinstitusjonar? Kva med eit flott hotell på toppen av Engebøfjellet?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags