Alvorleg svikt i Naustdal.

 Vedlikehaldet har vore forsømt gjennom mange år. Det er utillateleg. Dette går direkte på innbyggjarane sin tryggleik, skriv artikkelforfattaren.

Vedlikehaldet har vore forsømt gjennom mange år. Det er utillateleg. Dette går direkte på innbyggjarane sin tryggleik, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er avdekka alvorlege rustskader på gamlebrua i Naustdal. Det er nesten så ein ikkje trur det ein ser! Korleis i alle dagar havna vi her?

Vi kan trygt slå fast at kommunen ikkje har hatt kontroll på tilstanden til brua. Vedlikehaldet har vore forsømt gjennom mange år. Det er utillateleg. Dette går direkte på innbyggjarane sin tryggleik.

Vi som bur i Naustdal blir ikkje overraska om dette handlar om økonomi. Det har stått dårleg til i Naustdal i mange år.

At det ikkje har blitt prioritert å bruke pengar på vedlikehald av brua, som er brukt av mange kvar einaste dag, kan vi likevel ikkje godta. No kjem rekninga for det forsømte vedlikehaldet. Og det er innbyggjarane som må betale for politikarane sine feilprioriteringar.

Skal vi ikkje miste all tillit til administrasjon og politikarar i Naustdal bør kommunen snarast leggje fram dokumentasjon på kva som er gjort av tilstandskontroll og vedlikehald på denne brua dei siste tiåra.

Så bør vi kanskje ha dette i bakhovudet når vi til hausten skal velje politikarar til Sunnfjord kommune. Dette er ikkje mykje å vere stolt over. Tvert i mot.

RUST: Det vart påvist rust i berande element på gamlebrua, som no er stengt for biltrafikk.

RUST: Det vart påvist rust i berande element på gamlebrua, som no er stengt for biltrafikk. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags