På tide å ta rassikringa på alvor

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevKartet frå skredregistrering.no viser at det har gått 19 mindre og større skred mellom Førde og Naustdal i ein tidsperiode på to år (17.03.2014 – 17.03.2016). Når ein tek omsyn til at 982 av Naustdal kommune sine 1489 sysselsette arbeidstakarar pendlar ut frå kommunen, så må ein også ta høgde for at dei aller fleste av desse pendlar Naustdal–Førde kvar dag. I tillegg så er det mange som pendlar Førde–Florø og Førde–Naustdal.

På toppen av dette kjem alle skuleelevane som pendlar til og frå dei vidaregåande skulane i Førde. Desse personane utset seg praktisk tal for livsfare kvar einaste dag. Ein veit aldri kor tid stein, jord eller is hamnar i vegbana.

Ut frå statistikken kan det virke som at problemet er tiltakande. Dersom ein ser på tilfeldig utvald statistikk frå tidlegare år, så viser det eit betydeleg mindre omfang. I same periode frå 2000–2002 var det ti skred, medan det i åra 1990–1992 var registrert to skred og det same i tidsrommet 1980–1982.

Ved fleire høve har lokalkjende innbyggarar i Naustdal påpeika dette i media og det har vore vist til store steinar som har direkte linje til vegbana på riksveg 5. Dersom desse steinane rasar ut vil dei med høgt sannsyn treffe vegbana.

Svaret frå ekspertane er at desse kjem til å ligge i ro. Det er svært liten sannsyn for at dei losnar og utgjer såleis ein marginal fare for trafikantane. Lett for ekspertane å fastslå, ikkje fullt så lett for oss pendlarane å akseptere. Vi køyrer forbi med hjartet i halsen kvar dag.

Då siste raset i ei rekkje av mange gjekk onsdag kveld 16. mars 2016 var det berre flaks at ingen vart treft. Geologane er i ferd med å gjere sine vurderingar og den førebelse konklusjonen er at her vil dei berre vurdere rassikring på kort sikt. Med dette forstår eg at ein søker å sikre området der det siste raset gjekk. I og for seg vel og bra, men her trur eg det trengst å gå grundigare til verks. Vi som innbyggjarar i Naustdal og pendlarar til Førde kan ikkje finne oss i å risikere livet for å komme oss på skule og jobb.

Geologane som er intervjua i Firda nemner at det er ein plan for rassikring i området. Etter å ha gått gjennom Statens vegvesen sin handlingsplan for tiltak på fylkesvegnettet, Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt handlingsprogram for fylkesvegnettet og Naustdal Kommune sin trafikktryggingsplan kan eg ikkje finne rassikring av riksveg 5 mellom Naustdal og Førde nemnd ein einaste stad.

Det er snart på tide at denne saka kjem på dagsorden hos fylkespolitikarane våre som trass alt har ansvar for denne vegen og trafikantane som ferdast der. Naustdal er ei bygd i positiv utvikling og statistikkane peikar oppover i høve til auke i innbyggjartal.

Mange unge familiefolk vel å busetje seg i kommunen av fleire årsaker. I Naustdal er det trygt og godt å bu. Vi kan by på vakker natur og flotte opplevingar. Det er kort veg til Førde og Naustdal er eit rimeleg alternativ på bustadmarknaden. Men vi har ingen å miste på grunn av ein livsfarleg pendlarveg, eller fordi at potensielle nye innbyggjarar vert skremt vekk frå å flytte til kommunen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags