Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer

PRESSAR: Med politikarane i Førde si velsigning står Nordic Mining og presser oss. Dei vil inn på eigedommane våre, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå kommunstyremøtet 12. november der Jenny Følling (Sp) spør Håkon Myrvang (Ap) om han kan vere med på formuleringa om fjorddeponi.

PRESSAR: Med politikarane i Førde si velsigning står Nordic Mining og presser oss. Dei vil inn på eigedommane våre, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå kommunstyremøtet 12. november der Jenny Følling (Sp) spør Håkon Myrvang (Ap) om han kan vere med på formuleringa om fjorddeponi. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTysdag den 12. november 2019 stemte fleirtalet av politikarane (23 mot 22) i Sunnfjord kommune ja til driftskonsesjon for Nordic Rutile.

Før votering var det lagt til fleire fagre ord om å jobba for betre løysingar, endå det vil verta for seint, som sagt under møte, dei største skadane på miljøet og fjorden vil skje tidleg i prosjektet. Å jobbe for løysingar undervegs vil vera eit lite ubrukeleg plaster på eit stort sår. Desse flosklane måtte leggjast til for at politikarane skulle sjå betre ut og døyve sin samvit.

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

Det var nok vanskeleg å sjå ungdommane som sto der med faklar inn i auga.

Tilgje dei ikkje, ungdom, dei veit kva dei gjer.

Direktoratet for mineralforvaltning har sagt i informasjonsmøte tidlegare i år at dei ikkje vil godkjenna prosjektet mot kommunens vilje.

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

På slutten av møtet klappa ordføraren politikarane på skuldrene og uttrykte at saka hadde vore vanskeleg og tung. For fleire var det første møte med politikken. Og no over til andre litt mindre tunge punkt.

Tilgje dei ikkje dei veit kva dei gjer.

Eg hugsar mi dotters tårer då ho høyrde at grannefamilien og ungane byggjer seg hus i Førde og flyttar om gruvedrifta kjem til Vevring.

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

Med politikarane i Førde si velsigning står Nordic Mining og presser oss. Dei vil inn på eigedommane våre. Dei vil at vi skal stå og sjå på at mykje av verdiane våre, granaten, blir kasta på fjorden, i lag med gifta. Enda det ikkje er naudsynt, det finnast andre måtar, som skånar miljø og bygd.

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

Eg ser på mannen min som sit i stova og ser ut på fjorden. Det har han gjort i over 40 år. Slik far hans og far hans igjen har gjort. Eg veit at han aldri vil klara å sjå vekk, fjorden er ein del av han. Han vil sitte der og sjå den døy. Han vil sitte der og sjå den liggje der livlaus og stille. Ein del av han vil døy med den.

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags