Useriøs asbest-vurdering for Engebø

ASBEST: Det er useriøst om asbest-risiko pga. undersøking av berre ein prøve med udokumentert mineralsamansetjing, forvirring om kva eigenskap som er undersøkt og uklar resultatframlegging. Ny undersøking og vurdering må til for å kunne vere rimeleg sikker på at ein unngår ei ubehageleg overrasking etter oppstart, skriv artikkelforfattaren..

ASBEST: Det er useriøst om asbest-risiko pga. undersøking av berre ein prøve med udokumentert mineralsamansetjing, forvirring om kva eigenskap som er undersøkt og uklar resultatframlegging. Ny undersøking og vurdering må til for å kunne vere rimeleg sikker på at ein unngår ei ubehageleg overrasking etter oppstart, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNordic Mining (NM) hevdar i Firda at SINTEF har undersøkt Engebø-malm utan å finne asbest.

Eg finn ikkje at dette er dokumentert i konsekvensutgreiing og søknad om utsleppsløyve, og ordet asbest synest fråverande. Difor har eg i nettdebatt etterlyst kvar i konsekvensutgreiinga det finst dokumentasjon, men så langt utan respons frå NM.

Men ein prøve av nedmalen malm er undersøkt av SINTEF. Resultatet er lagd fram av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i ein rapport frå desember 2008 og i eit notat frå mai 2009. Dette er det næraste ein kjem ei undersøking for eventuell asbest, og det må vere dette NM byggjer på.

Begge NIVA-dokumenta inneheld ein figur som er laga av SINTEF og som framstiller resultatet. Ifølge figurteksten er det undersøkt partiklar (korn) for eigenskapen Roundness. Det vil seie i kva grad skarpe kantar, endar og hjørne på partiklane er AVRUNDA.

Men NIVA legg dette fram som ei undersøking av partiklane si FORM, dvs. om dei er runde, avlange, plate-, nåle- eller trådforma. Og blandar faguttrykka avrunding og form, endå det er almen semje om at desse gjeld to ulike eigenskapar. T.d. kan partiklar med avlang form ha skarpe eller avrunda endar.

På grunn av det manglande samsvaret mellom SINTEF og NIVA sine tekstar må ein spørje kva eigenskap som er undersøkt.

Dessutan er det ingen opplysingar om mineralsamansetjinga i prøvematerialet. Eit av amfibol-minerala i malmen er aktinolitt, som kan førekomme i ein asbest-dannande variant. Dersom det i denne eine prøven var lite aktinolitt, noko som er fullt mogleg pga. naturleg variasjon, vil ein ikkje kunne påvise asbest sjølv om det vil finnast i malmen.

NIVA skriv i rapporten: «Det er en svært liten del av avgangsmaterialet som er nåleformet (rundhet ned mot null)…», og i notatet: «Det er gunstig at partiklene har så høy rundhet da skadelige effekter som en får ved fibrige partikler unngås».

«Nåleformet» og «fibrige partikler» betyr her det same. Fibrig betyr trådforma mineralpartiklar, t.d. asbest-partiklar. NIVA forklarar ikkje kva type partiklar dette kan vere, men det er truleg tynne amfibolpartiklar og/eller asbest. Vel og merke dersom det er form som er undersøkt.

Det er ikkje sagt kva «en svært liten del» kan bety i prosent, men til samanlikning er det forbode å vinne ut malm med over 1 % asbest. Trådforma partiklar må ein rekne med både i avgangen til fjorden og utslepp til luft. Norsk institutt for luftforsking skulle difor hatt med dette i vurderinga av støvnedfall på land.

Dette er useriøst om asbest-risiko pga. undersøking av berre ein prøve med udokumentert mineralsamansetjing, forvirring om kva eigenskap som er undersøkt og uklar resultatframlegging. Ny undersøking og vurdering må til for å kunne vere rimeleg sikker på at ein unngår ei ubehageleg overrasking etter oppstart.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags