Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det har falle ordføraren i Naustdal tungt for brystet at Førde AP har vedteke ei fråsegn om Engebø-prosjektet, ei fråsegn som kan stikke kjeppar i hjulet for Naustdal AP sitt industrieventyr på Engebø. Det viktigaste i denne fråsegna er at regjeringa sitt innvilga utsleppsløyve for deponering av gruveavfall må vurderast på nytt.
I Firda 13. mars i år hevdar ordføraren i Naustdal at «Avgangsmassen inneheld ikkje giftige kjemikaliar slik det vert hevda i fråsegna til Førde AP. Den er tvert imot veldig lik sjøbotnen i Førdefjorden».
Dette er usanne utsegn frå ordføraren si side og er samanfallande med det Nordic Mining har hevda; at utsleppa vil vere fri for tungmetall, at kjemikaliane ikkje er giftige og at fiskebestanden, og sjømat næring ikkje vil verte skadelidande, og at gruveavfallet ikkje vil spreie seg ut over deponiområdet. Og ordføraren veit at dette ikkje er sanninga, for han veit veldig godt dette:
Det har lenge vore kjent at gruveavfallet utan tvil inneheld ulike tungmetall. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) er Norges leiande kompetanseeining på sjømattryggleik. NIFES peikar på at lekkasje av kadmium frå avfallsmassen kan føre til problem for sjømat-tryggleiken. NIFES rår til at dette må følgast opp nærmare. Det same gjeld nivået av nanopartikulært titanoksyd i skjel og krabbe. Miljødirektoratet viser til at kjemikalieblandinga «Flotinor SM15» som Nordic Mining AS har søkt om å sleppe ut 720 tonn av pr. år, er giftig for vasslevande organismar og kan ha langtidseffektar. Det er kjent at Nordic Mining har bedt om å få bruke seks gonger meir av kjemikalieblandinga «Magnafloc 155» enn det som låg til grunn for konsekvensutgreiinga. NIFES tilrår difor å overvake opptak av akrylamid i fisk og sjømat frå Førdefjorden.
Avgangsmassen vil bestå av finmala industriskapte stein- og støvpartiklar som blir til kjemikalieblanda gruveslam, og truleg ukjende mengder mikroplast frå sprengstoff. Dette finn ein ikkje på botn av Førdefjorden i dag. Av konsekvensutgreiinga går det dessutan fram at nivået av kvikksølv og kopar er betydeleg over som er i botnsedimenta. Ingen fjorddeponi i Norge har oppført i samsvar med konsekvensutgreiingane. Utsleppa har spreidd seg over eit større område enn det som var stipulert i utgreiingane, og det marine og biologiske mangfaldet i og ved deponia er sterkt redusert eller utsletta. Havforskingsinstituttet (HI) har konstatert at 30 år etter at utsleppa i Jøssingfjorden stoppa, så er sjøbotnen så å seie fri for oksygen og nærmast biologisk død. HI har dessutan påpeika at det er risiko for spreiing av finpartiklar ved deponering i Førdefjorden.
Det viktigaste gytefeltet for kysttorsken på Vestlandet ligg eit steinkast unna utsleppsområdet. Miljødirektoratet sa i fyrste omgang nei til dumping i fjorden, nettopp av miljøomsyn. Regjeringa sitt standpunkt om at det ikkje skal gjevast løyve til fleire fjorddeponi, tyder på at regjeringa har innsett at utsleppsløyvet i Førdefjorden var eit feilgrep. Alt dette er ordføraren kjend med gjennom offentlege dokument og mange debattinnlegg i ulike media. Like fullt argumenterer ordføraren som om den mangelfulle konsekvensutgreiinga er fasit på alle spørsmål, spørsmål som i beste fall har fått usikre svar i utgreiingane.
Når trongen for deponering av gruveavfall er redusert med 70 %, så burde ordføraren i Naustdal ivre for å finne andre løysingar enn fjorddeponi. Tilbake fylling i gruva kan vere eit alternativ. Men nei, ordføraren forsvarar eit miljøskadeleg sjødeponi med nebb og klør og usanne argument, argument som er imøtegått av våre fremste marine forskingsmiljø. Nye moglege negative miljøfaktorar som mikroplast i avgangsmassen ser ikkje ut til å påverke ordføraren sitt standpunkt. Og det er slett ikkje fyrste gongen ordføraren er ute i media og bagatelliserer og glattar over dei enorme ulempene med gruveavfall i sjøen.
Ordføraren fører folk bak lyset og prøver å få dei og politikarar til å tru gruveavfallet er like ufarleg som det ein set til livs til frukost og middag. Ein slik ordførar har Naustdal. Det kunne ha vore verre, men ikkje mykje.