Halve sanningar om fjorddeponi

KONSEKVENSAR: Ei vurdering av konsekvensar for miljø og mattryggleik må og ta omsyn til KVA som skal sleppast ut, og ikkje berre mengder slik NM framhevar, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Engebø sett frå sjøen.

KONSEKVENSAR: Ei vurdering av konsekvensar for miljø og mattryggleik må og ta omsyn til KVA som skal sleppast ut, og ikkje berre mengder slik NM framhevar, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Engebø sett frå sjøen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFleire dokument og ytringar i saka har ein tendens til å framheve det som stør deponi og til å halde attende annan informasjon.

Nordic Mining (NM) poengterer i Firda den 5. november at bruken av kjemikaliar kan reduserast med minst 95 %. Men utgangspunktet var ein årleg bruk av 2700 tonn, og etter reduksjon vert det 135 tonn per år.

Det er også spørsmål om type kjemikalium, som kan vere alt frå uskuldig til farleg miljøgift. Så ei vurdering av konsekvensar for miljø og mattryggleik må og ta omsyn til KVA som skal sleppast ut, og ikkje berre mengder slik NM framhevar.

Selskapet hevdar også at det er feil å omtale kjemikaliar som giftige dersom dei «i sin aktuelle konsentrasjon blir godkjent av norske styresmakter og underlagt strenge krav til oppfølging». Ja, fint om det var slik.

Miljødirektoratet bygger vurderingane også på informasjon frå søkjarar om utsleppsløyve.

Det eksisterande løyvet bygger dels på rapportar laga av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) for NM. Desse er fagleg svake og inneheld bortforklaringar, og ville aldri komme med i eit seriøst vitskapleg tidsskrift.

Direktoratet bør ha oppdaga dette, og dei skulle ha avvist eit par rapportar. Likevel skal dei ha ros for å ha nekta godkjenning av eit kjemikalium, endå NIVA gjekk god for det. Men dei oppdaga ikkje ein større feil i NIVA sine vurderingar. Så godkjenning er ingen garanti sjølv om NM hevdar det.

Det er fint med strenge krav til oppfølging, men det betre å vere før var.

NIVA har fare med halvsanning om eit eldre sjødeponi frå Black Angel Mine på Grønland. Dei skriv om kor lite det var av tungmetall i sjølve sjøvatnet, men nemner ikkje auka mengder i bl.a. fisk.

Som medforfattar av NM sitt hovuddokument i konsekvensutgreiinga var NIVA i 2011 også med på å lure Naustdal og Askvoll kommunar når det gjeld resultat av eit s.k. flokkuleringsforsøk.

Havforskingsinstituttet med fleire har påpeika at NM ikkje har offentleggjort alle resultata (enkeltmålingane) av Det Norske Veritas sine straummålingar i fjorden. Dermed er det vanskelegare for uavhengige fagfolk å vurdere kvaliteten i føreseiingane av spreiing av gruveslam. Og det er vanskelegare å komme med gode innspel til eit miljøovervakingsprogram.

Miljøstyresmakter og politikarar har godteke dette hemmeleghaldet.

At NIVA aktivt har fremja deponi saman med NM betyr inhabilitet med tanke på viktige roller i kontrollopplegget. Det same gjeld delvis også Det Norske Veritas.

Etter at eg for halvtanna år sidan skreiv i Firda om Deponisak med fusk skulle ein tru at NM, NIVA og Veritas ville komme med motargument. Men inga direkte imøtegåing av denne og seinare kritikkar frå meg. Dersom ein ikkje kan imøtegå er alternativet å kalle attende rapportar og orsake.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags