Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dersom Nordic Mining/Rutil og Naustdal kommune hadde gjort konsekvensutgreiings- og reguleringsarbeidet for mineralprosjektet på Engebø i Naustdal seriøst og skikkeleg, so hadde mediebildet i dag vore ganske annleis i "Fjordfylket". Dette handlar om å ta vare på, ikkje avvise og oversjå gode innspel og høyringssvar.
Førdefjorden skal ikkje nytast som avfallsplass for gruveindustri. Fjellet er ein ressurs til liks med fjorden, men "kombinert" slik NM ønsker å gjere det har dei liten samla verdi. Dette er ein avleggs, uforsvarleg og 100 år gammal metode som ikkje egnar seg til føresett bruk. Tida vi alle må nytte til å forklare selskap og myndigheiter dette utgjer alvorlege mengder tapt skapekraft og energi. Energi bør omdannast, ikkje sølast vekk og kastast.
Heile mineralprosjektet er fundamentalt feil, og bygger på ein dårleg forretningsside. Dette er det rikeleg belegg for å hevde. Hadde eg hatt aksjar ville eg seld dei snarast.