Naustdal får høgaste skattenivået i landet

Foto:

Av

Naustdal aukar eigedomsskatten med 70–80 % og får høgaste skattenivået i landet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

MeiningarFor å illustrere dette tek eg meg sjølv som døme. Husbankhus frå 1974, 95 m² grunnflate, tilbygd uisolert hagestove på 1980-talet. Takst i 2007: 1.328.000. Takst i 2016: 2.975.000. Auke på 9–10 år: 1.647.000, som svarar til 124 %.

Eigedomsskatt i 2016: kr 9296. Eigedomsskatt i 2017: kr 16.362. Auke kr 7066, som svarar til vel 74 %.

Det er vel kjent at husprisane i Noreg er inne i ei spekulasjonsboble. Dette er her medvite eller umedvite utnytta til å sette urealistiske høge takstar på hus i Naustdal.

Om eg vel å selje huset mitt vil eg vel aldri i dag oppnå ein pris på nær tre millionar. Ein så høg takst er faktisk òg med på å redusere den såkalla marknadsprisen.

Eg ville gjort ein bra handel i dag om kommunen kjøpte huset mitt for 2.975.000. Og kven vil flytte hit og kjøpe hus når eigedomsskatten nærmar seg 20.000?

Eg er av dei som flytte «heim» att til bygda; men hadde det vore i dag, så ville eg ikkje ha flytt til Naustdal, dessverre.

Eigedomsskatten er urettferdig m.a. for di han nyttar same promillesatsen for fattig og rik. Han burde vore ein skatt berre for luksusbustader, til dømes for hus over fem-seks millionar. I Naustdal er det vel knapt eit einaste hus i denne klassen. Derimot er det flust av dei i t.d. Asker og Bærum, der ein ikkje har innført eigedomsskatt.

Landet er no underlagt eit regime som har avskaffa arveavgifta og gitt milliardar i skattelette til dei som treng det minst. Vi kan ikkje sjå bort ifrå at dette også går utover den offentlege økonomien. Og vi veit at mange kommunar strevar, også Naustdal, men det får no vere måte på å velte bører over på innbyggarane. Men som ordtaket seier: «Det er lettvint å skjere dryge reimar av annan manns hud.»

Folk i byggefelta blir hardt råka. Her bur det no etter kvart mange pensjonistar som har mindre inntekt enn før. Andre med mindre inntekt som arbeidslause, langvarig sjukmelde, uføre, einslege forsytarar vil òg få svi, må vi vel rekne med. Alt i alt vil sosialutgiftene venteleg komme til å auke. Og det var vel ikkje meininga? Eller kva for strategi har kommunen viss folk ikkje klarar å betale?

I tillegg kjem den store skatteauken om lag samstundes med innføring av bompengar, auke i prisane på drivstoff og spådommar om auka straumprisar.

Eg vil òg spørje folk i Naustdal om dei ikkje visste kva dei røysta på ved siste valet. Det einaste partiet som konsekvent var imot både å innføre eigedomsskatt og å auke denne skatten var Raudt; som var røysta ut, mest til fordel for Ap, vil eg tru.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags