Bur vi i landets dyraste kommune?

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevNo har eg ikkje statistikkane føre meg i høve til alle landets kommunar, men eg tør å våge den påstand at Naustdal kommune er den dyraste kommunen å busetje seg i med utgangspunkt i den belastninga som innbyggjarane må ta i høve til eigedomsskatt og kommunale avgifter.

Kommunen har pådrege seg utgifter som fylgje av høgt investeringsnivå og uforutsette saker, blant anna i høve til barnevern og oppvekst. Ordføraren kjem med ei «halvveges» innrømming på Facebook av at det til tider har vore dårleg økonomistyring, eller det han seier er at «mykje kunne sikkert ha vore gjort annaleis.» Men frå det til å pålegge innbyggarane ei betydeleg belastning i form av ein 100% auke i eigedomsskatten frå det eine året til det andre, det høyrer ikkje heime nokon stad. Er det rett at innbyggarane skal betale for ordføraren si manglande økonomistyring?

Debatten har rasa i media og på Facebook den seinare tid. For enkelte av innbyggarane vil rekninga komme på over 20.000,- kr i året. Mange opplever takseringa som tilfeldig eller urettferdig. Her fins innbyggarar som sit med eigedommar som er taksert langt over det som er realistisk. Husbankhus som er bygde på tidleg 70- tal og som har hatt minimalt med vedlikehald både utvendig og innvendig er taksert til svimlande summar som ligg langt over det ein vanleg takstmann ville ha vurdert det til.

Nøkkelen for utrekninga ligg sjølvsagt i den høge kvadratmeterprisen som dannar grunnlaget for utrekning av taksten. Ikkje berre er den urettferdig, spesielt for dei som ville hatt ein mykje lågare verdivurdering av sitt hus med tanke på oppussingsgrad og vedlikehald, den er også etter mitt syn altfor høg. Ved utskriving av eigedomsskatten i 2008 var kvadratmeterprisen på kr. 8000,-. I taktsgrunnlaget for eigedomsskatt 2017 er prisen sett til kr. 16 000,-. Med andre ord har verdien av den totale bustadmassen i Naustdal kommune blitt dobla i perioden 2008 til 2017. Ingen skal komme å fortelje meg at det er realistisk. Det store paradokset med eigedomsskatten er den sannsynlege negative påverknaden på eigedomsmarknaden og dermed kommunen sin eigen verditakst. Grunnlaget for utrekning av eigedomsskatten må som ein logisk følgje justerast ned. Ein kan diskutere utrekningane, men uansett er det kommunestyret som vedtek kor mykje som skal lastast innbyggarane.

Kva er så konsekvensane? At innbyggarane i Naustdal får vesentleg dårlegare råd som fylgje av dette er vel nokså innlysande. Det betyr kanskje ikkje så mykje for vaksne par i jobb der ungane har flytta heimefrå. Konsekvensane blir mykje større for einslege og familiar med store lån. Desse vil få eit betydeleg innhogg i privatøkonomien. Dei har gjerne høge kostnader frå før med barnehageplass (2655,- per mnd.), SFO (2750,- per mnd), bompengeutgifter og fritidsaktivitetar. Dette er kostnader som utgjer ein skilnad for ein småbarnsfamilie. I media og på sosiale medier gjev fleire uttrykk for at dei vurderer å flytte frå kommunen som ein konsekvens av auken i eigedomsskatten. Det er ikkje sikkert dei gjer det, men dei vurderar det. Småbarnsfamiliar eg har snakka med, som er leigetakarar i den private bustadmarknaden, seier i klartekst at Naustdal ikkje er eit alternativ når dei ein gang skal bygge seg hus.

Ordføraren og Arbeidarpartiet si innføring av rekordhøg eigedomsskatt er både eit brot mot eigne valløfter og eit brot mot kommunestyret (Raudt, FrP, Høgre, KrF og AP) sitt vedtak om reduksjon i eigedomsskatten med verknad frå 2016. Eit vedtak som forøvrig kom samstundes med nedlegging av Dalen skule, som var årsaka til at Venstre og SV stemde i mot reduksjonen. Den gongen meinte ordføraren at reduksjon i eigedomsskatten var viktig for å «sende eit signal om at Naustdal er ein attraktiv stad å busette seg» (Firda 12.12.2014). Kva signal ønskjer du å sende no, ordførar?

Artikkeltags