Sakshandsaming av lagringsplass på Reiakvam

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevViser til reportasje i Firda 27/12 2017, om lagringsplass på gbnr. 104/2 på Reiakvam i Naustdal. Når eg les det som rådmann uttalar i forbindelse med vedtaket i saka, føler eg at det er nødvendig å få fram vår side av saka og grunnen til at eg uttalar meg som eg gjer.

I 2011/2012 vart det søkt om omdisponering av ein del av driftsbygningen, samt eit areal sør for denne til ein antirustverkstad som skulle kombinerast med landbruksdrift. Vi fekk då nabovarsel og med visse atterhald om at det vart tatt omsyn til støy og utslepp, hadde vi ikkje innvendingar mot tiltaket. Søknaden vart då godkjent. Tiltaket på området vart likevel ikkje noko av og bedrifta held i dag til i kommunen sitt bygg som ligg like i nærleiken. Slik eg har forstått det, går desse dispensasjonane ut etter 3 år.

Så, i februar 2017, kom det borerigg og gravemaskin på plass. Det vart begynt med avdekking, sprenging og planering av det aktuelle arealet på Reiakvam. Vi hadde ikkje fått noko varsel om dette, så eg tok difor kontakt med teknisk sjef pr. telefon og på kontoret for å få greie på kva planar som låg føre. Det var ingen respons, så eg leverte difor ein skriftleg protest. Og det er her spørsmåla mine startar. Kvifor vart ikkje tiltaket stogga? Kvifor fekk ikkje vi nytt nabovarsel slik at vi kunne få sjå planane, hatt ein dialog og komme med våre synspunkt og innspel?

I mars når det meste av området var planert og tatt i bruk, kom teknisk sjef på synfaring. Heller ikkje etter synfaringa vart det i mine auge gjort noko frå kommunen si side for å imøtekomme mine og andre sine synspunkt på saka. Som naboar fortsette vi difor både via telefonsamtalar og brev til kommunen å påpeike dei ulempene tiltaket medfører for oss. Saka vart utsett, før vedtaket som vi har klaga på kom 30/11 2017.

Rådmann uttalar i Firda at området skal fungere som ein kvileplass og at aktiviteten skal gå føre seg utanfor kommunegrensene. Dette står det ingenting om i vedtaket og eg opplever at realiteten er ein heilt annan. Både vi som er nære naboar og andre som ser det aktuelle området kan bekrefte at det til tider er mykje aktivitet med maskiner på denne lagringsplassen. Rådmann seier vidare at dei må ta omsyn til alminneleg støyskjerming. Dette står det heller ikkje noko om i vedtaket og det framstår for meg som uklart kva som ligg i omgrepet.

I området ligg det også reguleringsplan for ein tiltenkt samanbindingsveg mellom grendene Horstad og Reiakvam. I vedtaket står det at området det vert gitt dispensasjon for, skal avgrensast mot denne vegen. Dette skal då kompensere for dei ulempene vi har påpeika overfor kommunen. Eg har etterlyst dokumentasjon for å få greie på kva dette vil utgjere for oss, men har i skrivande stund ikkje motteke noko. Når eg les vedtaket opp mot det som Rådmann uttalar i Firda, verkar det som han prøvar å bagatellisere dei synspunkt vi uttalar og at planutvalet har lagt til grunn positive moment som ikkje vil ha praktisk innverknad for vår del i saka. Det er det som står i vedtaket vi må forhalde oss til i framtida.

Til slutt vil eg seie at innimellom paragrafar og lovverk må det vere lov å be politikarane, dei folkevalde om å sjå på dei menneskelege sidene i slike saker. At dei prøvar å sette seg inn i vår situasjon og sjå saka ifrå vår side. Rådmann uttalar i Firda at kommunen må lære av denne saka, og balansere ny bruk i eksisterande bygningar opp mot omsyn til omgjevnadane. Slik vi ser det har det ikkje vore teke omsyn til våre argument og faktiske forhold. Det er heimar og buplassar det dreiar seg om, og vedtaket som no ligg føre gjer store endringar i vår kvardag på fleire måtar. Vi er einige i at det er positivt at folk vil skape arbeidsplassar og verdiar, men vi er ueinige i at dette er rette området å plassere denne type næring med så mykje maskiner og aktivitet. Som tidlegare nemnt medfører dette ulemper for oss som er nære naboar og i mine auge har ikkje kommunen sett vilkår for dispensasjonen som vil redusere desse i vesentleg grad.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags