Kommunevåpen i naturen

Av
DEL

LesarbrevDet var spennande tider då det var konkurranse om å finne eit nytt kommune våpen for nye Indre Sunnfjord (Sunnfjord kommune). Eg var sjølv ute med eit utkast i ymse fargekombinasjonar av eit kjent fjellmotiv. Dette nådde ikkje opp.

Men det motivet og fargekombinasjon som er vald, synest eg er heilt framifrå. Dette motivet har eg også oppdaga i naturen her i den nye kommunen. Eg kan sitte å nyte det frå mi eiga eigedom. Kanskje ikkje alle som ser det, men eg har oppdaga det. Den som har teikna motivet har kanskje også oppdaga same elva/fossen i Sunnfjord-naturen. Kva veit eg. Når denne elva har rette vassmengda utover det steile fjellet og ned i skogslia får eg denne assosiasjonen.

Elva eg har oppdaga som er motiv renn ut i Viksdalsvatnet ved Hestebeit som ligg ca. 2 km vest om Eldalsosen. I dagleg tale kallar vi den Hestebeit elva. Men kartverket har anna namn på den, til og med to. I nedre del (under 900m) Geitemjølkgrova og i øvre del Mjelkegeitgrova. Kva dei meier er rett veit eg ikkje, men her har nok kartverket surra litt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags