Eit trist kapittel for Sogn og Fjordane

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Norsk Transportplan (NTP) er eit trist kapittel for Sogn og Fjordane. På nasjonalt nivå har det vore sagt at E39 skal vere hovudsatsing område på vegsida. Då forventar ein at det også gjeld gjennom Sogn og Fjordane. Ikkje minst må vi auka trykk og framdrift på prosjekta mellom Sognefjorden og Nordfjorden.

Vi må kunne forvente at klare planar vert finansierte opp og ikkje berre vert lagt i ei skuff. Vi må ha ei høg framdrift frå sør til nord.

Kvifor ligg ikkje oppstart for E39 forbi/gjennom Vadheim inne i første periode. Planane er klare slik eg er informert om. Her burde det vore kontinuitet i samband med anlegget gjennom Gaular som vart avslutta sommaren 2016. Vidare burde også parsell Myrmel – Lunde blitt gjennomført samstundes. Då ville store kostnader med riggkostnader kunne unngåast.

At parsell Bjørset – Skei er i gang er berre å lovprise. Kvar vert det av parsellen utanom Førde. Det er minst 10 år sidan at konsekvensanalyse av denne strekninga starta opp. Trasèn er avgjort. I hovudtrekk er det opp start midlar som skal på plass. Desse burde også lege inne i foreslått transportplan. Før vi kjem til Nordfjorden har vi endå nokre flaskehalsar. Det er Breimsfjellet og ved Eide. Desse parsellane må framskundast og inn i denne transportplanen.

Samtidig ser eg ikkje grunnlaget for å legge E39 i tunnel gjennom Våtedalen. Denne strekka er rimeleg trygg med dei tiltaka som er utført. Såleis må dette vike prioritet. Einaste ankepunktet må vere ei mjukare linjeføring for kryssing av elva gjennom dalen.

Ved lanseringa av E39 som satsingsområde frå Kristiansand til Trondheim var det sagt at dette var vegen langs gullkysten. Det må også vere gjeldande gjennom vårt fylke.

Kva så med Rv 5 i Kjøsnesfjorden og innspelet om ny tunnel bak alle dei tiltaka som er utført der dei siste 30 åra. Her er det bygd mange mektige rasvollar og når Støylsnestunnelen kom på plass er også denne strekninga rimeleg sikker. Kvifor er ny tunnel lagt ut til Kjøsnes. Ein ny tunnel må ha retning nordover mot Bolset området. Kvifor må trafikken nordover framleis ha ein omveg om Kjøsnes –Skei.

Kjøsnesfjorden må vike plass for sikringstiltak på Rv 5 vest om Førde i Naustdals stranda og i Sundet fjellet der vi har ein mykje større farerisiko med omsyn til ras frekvens.

Siste dagane har vi på nytt blitt minna om risikoen med tunnelbrannar. Korleis bør ei bygge nye og opp gradere eksisterande tunnelløp. Det må byggast toløps tunnelar der ein opp graderar eldre tunnelar. Døme på dette er tunnelane på Strynefjellet. Det må byggast nye løp parallelt med dei som er og med rømingsvegar mellom tunnelløpa slik standaren er for denne type løysing. Det er det tryggaste og det mest samfunn økonomisk vil eg påstå, også i vårt fylke. Andre tunnelar må snarast få den opp gradering som er i gang, men aktiviteten må forserast.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags