Nærskuleprinsippet vil styrke elevar og lokalsamfunn

UHELDIG: Det er uheldig at regjeringa ønsker å tvinge Høgre og Frp sin skulepolitikk på fylket vårt. Det er urettferdig mot dei viktigaste personane i skulen – nemleg elevane, skriv Pauline Tomren, medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke.

UHELDIG: Det er uheldig at regjeringa ønsker å tvinge Høgre og Frp sin skulepolitikk på fylket vårt. Det er urettferdig mot dei viktigaste personane i skulen – nemleg elevane, skriv Pauline Tomren, medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I Vestland er vi mange som drøymer om ei vidaregåande skule kor elevane har rett til å gå på ei skule i nærområdet. Derfor har utvalet for opplæring og kompetanse i Vestland tatt det første steget for å innføre nærskuleprinsippet. Draumen vår er dessverre truga: Regjeringa prøver å innføre karakterbasert inntak i alle fylke, og ta frå moglegheita til å velje den løysinga som passar best lokalt for fylka. Det er trist både for elevane som drøymer stort, og for lokalsamfunna som blir ramma.

Kvart år skal unge menneske med ulike draumar og behov vurderast gjennom den same inntaksordninga. Med karakterbasert inntak er det mange som allereie får draumen knust i ein alder av 15 eller 16 år. Fritt skuleval er berre fritt for dei med best karakterar. Framtidas inntaksordning for Vestland skal gi elevane rett til å gå på skule i nærleiken av heimen, samtidig som den varetek dei som ønsker miljøskifte. Vi vil bruke tid og ressursar framover på å finne ut kva som er den beste inntaksordninga for fylket vårt. Derfor eg eg veldig skuffa over at regjeringa prøver å hindre oss fylkespolitikarar frå å innføre den inntaksordninga vi meiner er best for oss lokalt.

I Vestland fekk MDG, Ap, Sp, SV og KrF fleirtal for å byrje arbeidet med å lage ei inntaksordning til VGS etter nærskuleprinsippet. Vi vil at alle elevar skal få rett til å gå på ein vidaregåande skule nær der dei bur, og at karakterane ikkje skal vere avgjerande for kor ein kjem inn. Fram mot hausten skal vi bruke tid på å finne ut korleis dette skal sjå ut i praksis, og korleis vi kan få til ei ordning som møter behova til elevar i by og bygd uavhengig av karaktersnitt. Da er det synd at regjeringa ønsker å hindre oss frå å innføre den beste inntaksordninga for fylket vårt.

Regjeringa foreslår å innføre karakterbasert inntak i alle fylke frå 2021. Det kan godt hende at karakterbasert inntak fungerer nokre stader, men det kan umogleg fungere i heile landet. Før regionreforma lovde dei oss fleire oppgåver, så kvifor foreslår dei no å ta frå oss eit så stort og viktig ansvar? Ei studie gjort ved Oslo Met, viser at fritt skuleval er den ordninga som gjer at færrast av søkarane får innfridd førstevalet sitt, og at det skaper usosiale delingar kor elevane blir fordelt på populære og upopulære skular. I fylket vårt har vi i tillegg store avstandar som gjer det spesielt viktig å sikre at ingen kjem inn på ei skule langt heimanfrå dersom dei ikkje vil det.

Det er uheldig at regjeringa ønsker å tvinge Høgre og Frp sin skulepolitikk på fylket vårt. Det er urettferdig mot dei viktigaste personane i skulen – nemleg elevane – som blir sortert på «tapar-» og «vinnar-skular» i ein alder av 16 år. Statsministeren bør høyre på oss i heimfylket hennar, og gi oss tilliten vi fortener til å styre best mogleg etter dei lokale forholda. Det er vi som bur her lokalt som veit kva som er best for fylket vårt. Og det er nærskuleprinsippet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags