Avkriminalisering av narkotika

No har til alt hell stortingsfleirtalet gått inn for at ansvaret for narkotikapolitikken skal overførast frå justis til helse, rett nok 40 år på overtid, men betre seint enn aldri, skriv Røneid.

No har til alt hell stortingsfleirtalet gått inn for at ansvaret for narkotikapolitikken skal overførast frå justis til helse, rett nok 40 år på overtid, men betre seint enn aldri, skriv Røneid. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEg kan vere einig med Arne Johannessen i mangt og mykje, men ikkje i narkotikapolitikken. Hans lesarinnlegg i Firda 13.4.2018 og Sogn Avis 16.4.2018 kan ikkje få stå uimotsagt.

Avkriminalisering av narkotika er det første steget i rett retning. Premissane for dagens narkotikapolitikk vart lagt midt på 1960-talet, på ei tid då det framleis var ulovleg å vere homofil, og Norge hadde dødsstraff som «avskrekking». Verda har endra seg mykje sidan den gong, men med unntak av måten norsk politi skal handsame narkotikaproblemet: Det skal og må straffast! No har til alt hell stortingsfleirtalet gått inn for at ansvaret for narkotikapolitikken skal overførast frå justis til helse, rett nok 40 år på overtid, men betre seint enn aldri.

Arne Johannessen viser til ei europeisk undersøking der norske ungdommar har låg bruk av t.d. hasj og marihuana. Det er korrekt, men Johannessen nemner ingenting om årsaka til det låge forbruket. Undersøkinga konkluderer nemleg ikkje med at forbodspolitikken har hatt ein effekt i så måte. Det han heller ikkje nemner, er den svært dystre overdosestatistikken vi har her i landet. Norge har berre det endå meir bakstreverske Sverige og Estland bak seg på tal overdosedødsfall.

Arne Johannessen viser også til ei rekkje anekdotar om personar som har teke kontakt med han og fortel kor bra det er med forbod og greier. Vel, her er mine anekdotar: Eg har vorte kontakta av mange personar som synest det er bra at eg arbeider for ei avkriminalisering og at politiet burde finne på noko meir nyttig enn å springe etter nokre hasjblåsarar her og der. Vidare seier mange til meg at t.d. hasj burde vore avkriminalisert for lenge sidan. Anekdotar, slik fungerer det ...

Det vert også vist til ungdomskontraktar. Dette er ei heller ny ordning, og heilt fram til dei siste par åra vart einkvar som vart pågripen for narkotikabruk bøtelagt. Dette skjer endåtil kvar dag i storbyane våre. Arresten på Oslo politidistrikt har nok sin del av beslaglagde brukardosar og innbragte narkomane, i skrivande stund.

Forbodspolitikken har for lengst spelt fallitt. 50 års forbod har ikkje medført anna enn at vi har stigmatisert einkvar brukar og skapt ein enorm illegal marknad. Eit spørsmål som er på sin plass må vere: Når har norsk politi planar om å vinne denne «krigen» mot narkotika? Ja, for det må då vere ein plan for det? Om fem år? Ti? Nye 50 år?

Når overføringa frå justis til helse vert eit faktum om ikkje så lenge, så bekymrar norsk politi seg gjerne for korleis helsevesenet skal ta seg av alle rusbrukarane. Langt dei fleste som røyker t.d. hasj, får ikkje problem i det heile teke. Norsk politi burde heller juble for at dei no kan bruke sine «knappe ressursar» på noko anna enn å kverrsette to gram hasj i Drammen ein torsdagskveld (Kjelde: Politiet i Buskerud førre veke).

Dette er ikkje ein diskusjon om hasj er farleg eller ei, det veit vi det kan vere. På same måte som alt anna som vert feildosert, så som snus, Red Bull, Cola, Ibux, Paralgin Forte, for ikkje å snakke om det rusmiddel som tek desidert flest liv her i landet, alkohol.

Det er for så vidt hyggeleg at Arne Johanessen tenkjer på våre unge. I så fall har eg ei utfordring: Sjå på dødsfallstatistikken for unge personar. Det er sjølvmord som tek frå oss dei unge, ikkje narkotika eller trafikkulykker. Og hadde det ikkje vore for den forbodslinja som norsk politi har vore ivrig pådrivar for i 50 år no, så hadde eg sleppt å skrive «etterlaten» under namnet mitt her.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags