– Er avkriminalisering av narkotika eit godt førebyggjande tiltak?

Takka: Eg har sjølv opplevd mange gonger at ungdommar har takka for at politiet greip inn og tok tak i eit gryande narkotikaproblem, skriv Johannessen.Arkivfoto: Vidar Gudvangen

Takka: Eg har sjølv opplevd mange gonger at ungdommar har takka for at politiet greip inn og tok tak i eit gryande narkotikaproblem, skriv Johannessen.Arkivfoto: Vidar Gudvangen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNoreg har svært låge tal på bruk av alle narkotiske stoff samanlikna med andre europeiske land. Bruk av narkotika har så langt hatt liten sosial aksept i dei fleste miljø, det er i seg sjølv eit viktig førebyggjande verkemiddel. Årleg vert det gjennomført granskingar av ungdom sin cannabisbruk i alle europeiske land. Noreg ligg nedst på den statistikken. 7 % av europeiske ungdommar i 15–16-årsalderen svarar at dei har brukt hasj eller marihuana siste månad, medan talet er 2 % for dei norske 15–16-åringane (tal frå Espad).

Stortinget har vedteke ein rusreform og nedsett eit utval som skal sjå på framtida sin ruspolitikk, det er bra, for mykje kan forbetrast. Særleg er det behov for å betra tilbodet til dei tunge narkomane som må verta sikra betre oppfølgjing og helsehjelp.

I rusdebatten er det avgjerande å ha minst to tankar i hovudet på same tid. Det viktigaste er å ha ein god politikk med gode tiltak for å redusera rekrutteringa inn til narkotikabruken, og det andre må vera å styrka hjelpeapparatet og oppfølgjinga av dei som er vorte tunge narkotikamisbrukarar.

Verdas helseorganisasjon (WHO) seier at mellom dei unge som byrjar å bruka hasj eller marihuana i tenåra og som brukar jamleg, vil 1 av 6 verta avhengige.

I den politiske debatten kan ein få inntrykk av at det vanlege er at politi og påtalemakta straffar unge narkotikabrukarar med bøter eller fengsel.

Det stemmer i liten grad, det vanlege er å nytta dei gode alternative straffereaksjonane som Stortinget har gjeve heimel til. Det mest vanlege er påtaleunnlating med ungdomskontrakt og rustesting, samt ungdomsoppfølgjing i regi av konfliktrådet. Dette har ein mykje gode erfaringar med.

Eg har sjølv opplevd mange gonger at ungdommar har takka for at politiet greip inn og tok tak i eit gryande narkotikaproblem, og i lag med andre viktige aktørar som konfliktrådet og helse laga eit oppfølgjingsopplegg tilpassa ungdommen. Eg har som politi møtt svært få foreldre, søsken eller kjærastar til ein ungdom som brukar narkotika som meiner at avkriminalisering eller legalisering er ein god ide.

Men eg har møtt og høyrt mange ungdommar og foreldre som er glad for at narkotikabruk er ulovleg. Det sender eit viktig signal til ungdommen og samfunnet. Dei fleste unge ønskjer ikkje å gjera noko som er ulovleg. Truleg er forbodet mot narkotikabruk det viktigaste førebyggjande tiltaket me har.

På verdsbasis syner tal frå WHO frå 2014 at 40 % av folket har drukke alkohol. Til samanlikning seier FN sitt narkotikabyrå at berre 3,8 % har brukt cannabis på verdsbasis. Det syner litt av skilnaden mellom eit lovleg og ulovleg rusmiddel.

Det vil vera eit svært farleg eksperiment å rokka ved noko av det som fungerer best i den norske narkotikapolitikken, nemleg at det er forbode. Litt av debatten i dag byggjer på feil premissar i høve til straff og at ingen får helsehjelp.

Narkotikamisbrukarar har også pasient- og brukarrettigheitar. Per i dag er det 7500 i LAR-behandling og ca. 30.000 i TSB-behandling. Satsing på lågterskel helsetilbod, sprøyterom og utdeling av brukarutstyr, er teikn på at helsehjelp har hatt fokus i narkotikapolitikken. Det er viktig å satsa endå meir for å hjelpa misbrukarane ut av sine narkotikaproblem, og då er oppfølgjinga etter behandling avgjerande.

Men er det helsehjelp ein 15- åring som eksperimenterer med cannabis for andre eller tredje gong treng? Nei, er mitt svar. Den ungdommen treng klar og tydeleg reaksjon på at han eller ho driv med noko som er både skadeleg og ulovleg. Då har me gode verkemiddel med ungdomsoppfylgjing og ruskontraktar som gjev gode resultat, når dette vert prioritert frå dei aktørane som må bidra.

Når Stortinget no ønskjer å flytta ansvaret for narkotika frå justissektoren til helsesporet, reiser det mange uavklarte spørsmål. Vil ein då kunna gjennomføra forpliktande oppfølgjingsprogram for unge med eit byrjande narkotikaproblem, som påtaleunnlating med pålagt rustesting.

Kva heimel vil politiet ha til å avdekka bruk og etterforska «bakover i salsledda» for å ta dei «store fiskane» som sel. Mykje av politiet si etterforsking for å ta dei store og stoppa tilførselsvegar, byrjar med brukarane.

Det høyrest svært politisk korrekt ut at ein skal overføra ansvaret frå justis til helse, men eg ser med stor spenning fram til utvalsarbeidet sine konklusjonar og på kva måte dei i framtida vil sikra det gode førebyggjande arbeidet med ruskontraktar og det viktigaste førebyggjande tiltaket som eit forbod mot all narkotikabruk representerer.

Det er ikkje utan grunn at 77 % av folket i ei spørjegransking i regi av Sentio i 2016 svarte at dei ville vidareføre forbodet mot å ha, bruka og selja hasj og marihuana.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags