Næringsrådet prioriterer ferjefri E39 i NTP

FLASKEHALS: Den største flaskehalsen på E39 i Sogn og Fjordane er gjennom Førde til Storehaug. Det gjeld både for gjennomfart og lokalt i Førde sentrum. Sogn og Fjordane Næringsråd har derfor sett opp Storehaug – Førde som den viktigaste strekninga på ferjefri E 39 og ønskjer at dette prosjektet må startast opp i første planperiode og fullførast i perioden 2022-2033, meiner Sogn og Fjordane Næringsråd..

FLASKEHALS: Den største flaskehalsen på E39 i Sogn og Fjordane er gjennom Førde til Storehaug. Det gjeld både for gjennomfart og lokalt i Førde sentrum. Sogn og Fjordane Næringsråd har derfor sett opp Storehaug – Førde som den viktigaste strekninga på ferjefri E 39 og ønskjer at dette prosjektet må startast opp i første planperiode og fullførast i perioden 2022-2033, meiner Sogn og Fjordane Næringsråd.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSogn og Fjordane Næringsråd har vedteke denne høyringsuttalen til Nasjonal Transportplan 2022–2033. Næringsrådet vart skipa i 2016 og har som målsetting å vere ein sterk og samlande næringspolitisk organisasjon på vegner av næringslivet i Sogn og Fjordane.

Ved årsskiftet hadde Sogn og Fjordane Næringsråd 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar. Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at aust – vest sambandet over Hemsedal og ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022–2033.

Sogn og Fjordane Næringsråd legg til grunn at Stad skipstunnel, E39 Myrmel–Lunde og dei 2 utbetringane på E 39 Byrkjelo–Sandane blir gjennomført som planlagt i gjeldande NTP.

Prioritert tiltak på Aust–Vest sambandet over Hemsedal. Rv. 52 Tunnel Borlaug–Bjøberg. Vegstrekninga er omtalt i KVU, Rv. 7 og Rv. 52. Tunnel gjennom Hemsedalsfjellet mellom Bjøberg og Borlaug er avgjerande for ein sikker fjellovergang mellom Austlandet og Vestlandet med nesten fullstendig vinterregularitet. Prosjektet er førebels kostnadsrekna til 8.300 mrd. Prosjektet må fullførast i perioden 2022–2033.

Bjørn Lødemel

Bjørn Lødemel Foto:

Prioriterte strekningar på Ferjefri E39:

1. E39 Storehaug–Førde. Prosjektet gjekk i utgangspunktet frå Storehaug til Moskog, men no er det delt opp i to prosjekt. Storehaug–Førde og Førde–Moskog. Kostnad for Storehaug–Førde er 2. 871 mrd. Den største flaskehalsen på E39 i Sogn og Fjordane er gjennom Førde til Storehaug. Det gjeld både for gjennomfart og lokalt i Førde sentrum. Sogn og Fjordane Næringsråd har derfor sett opp Storehaug–Førde som den viktigaste strekninga på ferjefri E 39 og ønskjer at dette prosjektet må startast opp i første planperiode og fullførast i perioden 2022–2033.

2. E39 Byrkjelo–Svarstad. Prosjektet gjekk i utgangspunktet frå Byrkjelo til Grodås, men no er det delt opp i 2 prosjekt. Byrkjelo–Svarstad og Svarstad–Grodås. Kostnadane for strekninga Byrkjelo–Svarstad er justert til 8.550 mrd.

Byrkjelo–Svarstad er eit av dei prosjekta på ferjefri E39 som har høgast samfunnsnytte. Det gjev ei innspart reisetid på meir enn ein time i høve til dagens E 39. Reisetida mellom Byrkjelo og Svarstad vil bli på ca. 15 minutt, og reisetida mellom Sandane og Stryn vil bli på 35 minutt. Det vil gje ein ny bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Byrkjelo–Svarstad vil knyte saman søre Sunnmøre med eit folketal på om lag 60.000 innbyggarar med resten av Vestland og det vil også bli ein viktig tilførselsveg til aust–vest sambandet over Hemsedal. I tillegg til innkorting av reisetid vil dette sambandet også fjerne ein krevjande flaskehals med tunnel gjennom Utvikfjellet.
Prosjektet må fullførast i perioden 2022–2033.

3. E39 Bogstunnelen–Sunnfjord kommunegrense: E 39 Bogstunnelen–Sunnfjord kommunegrense ligg inne i 2. periode i gjeldande NTP. Den er kostnadsrekna 1.125 mrd. Strekninga er ein flaskehals på ferjefri E39 i Sogn og Fjordane. Særleg gjeld dette på strekninga frå Vadheim til Bogstunnelen. Prosjektet må fullførast i NTP 2022–2033.

Andre viktige vegstrekningar: Strynefjellet med arm til Geiranger. Regjeringa godkjende konseptval B1 med arm til Geiranger i juni 2018. Rv 15. Strynefjellet er i dag det einaste ferjefrie samband til Austlandet for næringslivet og innbyggarane på søre Sunnmøre og i Nordfjord. Strekninga er svært krevjande for næringslivet med så mykje vinterstenging.

Det må arbeidast vidare med å få prosjektet prioritert ved hjelp av rassikringsmidlar og «spleiselag» mellom Vestland, Møre og Romsdal og Innlandet.

Næringslivet forventar høg prioritet på Rv 15 Strynefjellet. Henta frå uttale frå medlemane i Stryn: – Vi vil peike på at den største utfordringa for bedriftene i Nordfjord og store deler av Sunnmøre når det gjeld aust-vest samband er Rv15 med dagens smale og låge tunnelar samt ras og rasfare. Stenging av Rv15 og omkøyring gir næringslivet her svært svekka konkurransekraft.

Vikafjellet: Det må arbeidast vidare med å få prosjektet prioritert med bakgrunn i reduserte kostnader og Rv 13 si rolle som viktig sambindingsveg i Vestland fylkeskommune. Det er ein svært krevjande situasjon for næringslivet med så mykje vinterstenging. Eit viktig samband for å bygge saman bu og arbeidsområde.

Henta frå uttale til Vik Næringssamskipnad: – Behovet for tunnel gjennom Vikafjellet er godt dokumentert og kjend informasjon. Ein slik tunnel er ikkje berre viktig for Vik og næringslivet vårt her, men for heile regionen Bergen–Voss/Myrkdalen–Leikanger – Sogndal. Vik ligg geografisk midt i det nye Vestland. Ei realisering av Vikafjellstunnelen vil vere uendeleg viktig for å kunne utvikle heile regionen vidare.

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer også å vere med på ei felles kraftsamling for auka rassikrings-midlar til Vestland fylke. Det vil vere avgjerande for å få trygge og trafikksikre vegar både for innbyggarane og næringslivet i heile Vestland fylke. Sogn og Fjordane Næringsråd skal arbeidet aktivt for å få flest mogeleg samferdsleprosjekt i Sogn og Fjordane i posisjon til bygging ved å presse på for å få gjennomført naudsynt planlegging på ulike nivå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags