Kva ville fylket vore utan IT-forum? spør Gunnar Hæreid. Les innlegget hans

NY UTDANNING: Til hausten startar ny IT-utdannign i Førde. Her frå arbeidet. Frå venstre: Bjørn Harald Haugsvær (varaordførar i Førde), Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar (trainee ved næringsavdelinga i fylkeskommunen), Ivar-Petter Grøtte (forskar ved Vestlandsforsking og med i IT-forum), Eli Nummedal (instituttleiar for ingeniør- og teknologifag ved HVL), Gunnar O. Hæreid (assisterande fylkesmann og tidlegare leiar i IT-forum), Kjetil Bjørset (INU), Arild Hornes (Innovasjon Norge), Rasmus Stokke (prorektor ved HVL), Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane) og Joar Sande (høgskulelektor ved HVL og leiar i studieplankomiteen).

NY UTDANNING: Til hausten startar ny IT-utdannign i Førde. Her frå arbeidet. Frå venstre: Bjørn Harald Haugsvær (varaordførar i Førde), Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar (trainee ved næringsavdelinga i fylkeskommunen), Ivar-Petter Grøtte (forskar ved Vestlandsforsking og med i IT-forum), Eli Nummedal (instituttleiar for ingeniør- og teknologifag ved HVL), Gunnar O. Hæreid (assisterande fylkesmann og tidlegare leiar i IT-forum), Kjetil Bjørset (INU), Arild Hornes (Innovasjon Norge), Rasmus Stokke (prorektor ved HVL), Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane) og Joar Sande (høgskulelektor ved HVL og leiar i studieplankomiteen). Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ifølge innsendar Gunnar O. Hæreid ville langt færre i fylket hatt fiber i heimen utan IT-forum. Les hans refleksjonar etter seks år i styret.

DEL

LesarbrevFor nokre veker sidan takka eg for meg som leiar for IT-forum Sogn og Fjordane, etter seks år i styret, dei siste tre som leiar. Det var ein vemodig augneblink, og eg kjem til å sakna arbeidet.

I mi tid i styret har eg fått augo opp for kor viktig IT-forum er for utviklinga av fylket, og kor unikt det er med eit så langvarig og tett samarbeid mellom privat og offentleg sektor. Me finn ikkje IT-forum i andre stadar av landet, men mange skulle ønska seg noko liknande.

Eg trur alle no har innsett at internett og digitalisering er kome for å bli. Smarttelefonar og nye elektroniske duppedittar vert ein stadig viktigare del av oss på område etter område. For å hengja med og gjera våre bygder og samfunn i stand til å dra nytte av den digitale revolusjonen, er det avgjerande å ha ei kraft som utan eigeninteresse arbeider for at fylket skal liggja langt framme i utviklinga.

IT-forum vart skipa i 1995. Korleis ville fylket vårt truleg vore utan dette samarbeidet?

– langt færre ville hatt fiber i heimen sin – særleg utanfor tettstadane

– avdelinga i Difi på Leikanger som har nasjonalt ansvar for digitalisering av offentleg sektor, ville ikkje eksistert

– Fylkesmannen ville neppe hatt nasjonalt ansvar for utvikling og drift av nettsider og sakshandsamingsløysingar

– fylket ville neppe ha innført digital meldingsutveksling mellom fastlegar, helseføretak og pleie- og omsorgstenestene i kommunane

– IT-verksemdene ville vore forutan ein viktig møteplass og inspirasjonskjelde

– kommunane ville lege lengre tilbake i arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi

– arbeidet med digital meldingsutveksling mellom staten, kommunane og innbyggjarane ville kanskje stått i ro

– barnehagar og skular ville ikkje møtt kvarandre for å bli inspirert til å ta i bruk digital teknologi

Viktigaste suksessfaktoren med IT-forum er å samla ulike samfunnsaktørar til å arbeida for felles mål, fristilte frå eigeninteresser, økonomisk vinning og sektorvise oppdrag. Saman definerer aktørane problema, set mål og prioriterer tiltak for å løysa dei. Metoden er også teken i bruk på andre område og er kalla «Sogn og Fjordane-modellen». Gjennom denne modellen får IT-forum langt betre resultat enn nokon av aktørane kvar for seg kunne drøyma om.

Eit døme er at ingen hadde teke det på alvor dersom ein av aktørane åleine hadde gått til høgskulen og bede om ei ny IT-utdanning. Med alle medlemsverksemdene i ryggen vart initiativet frå IT-forum frå 2014 teke imot med opne dører frå høgskulen og også av Innovasjon Noreg, Sparebanken Sogn og Fjordane og INU, som gav økonomisk støtte. Næringslivet slutta heilhjarta opp, og IT-utdanninga startar hausten 2018 i Førde, ved Høgskulen på Vestlandet.

Viktigaste utfordring framover for IT-forum, er å finna ein plass i det nye fylket. Så langt har me fått signal frå Hordaland om at dei er nyfikne på og positive til å ta inn IT-forum-konseptet. Men korleis det eignar seg for eksport, står framleis att å sjå.     

Eg ønskjer det nye styret og ny leiar Anne-Mette Hjelle lukke til med det vidare arbeidet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags