DEBATT: Kvifor Nordic Mining i Strategisk næringsplan?

NÆRINGSLIV: – Vi i Sunnfjord Utvikling AS er i dialog med alle aktørar som på lovleg vis er interesserte i eller har ønskje om å utvikle seg i Sunnfjord. Nordic Mining er eit av desse selskapa, skriv Rolf Sanne-Gundersen. Her frå Nordic Rutile sitt arbeid med prøveboring på Engebøfjellet.

NÆRINGSLIV: – Vi i Sunnfjord Utvikling AS er i dialog med alle aktørar som på lovleg vis er interesserte i eller har ønskje om å utvikle seg i Sunnfjord. Nordic Mining er eit av desse selskapa, skriv Rolf Sanne-Gundersen. Her frå Nordic Rutile sitt arbeid med prøveboring på Engebøfjellet. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2019-2022 er no lagt ut på høyring. Det betyr at alle som vil kan kome med si meining om innhaldet. Om måla. Om tiltaka. Om planen generelt.

Strategisk næringsplan finn du på kommunane si nettside, eller på vår nettside www.sunnfjordutvikling.no.

Planen skal også handsamast i fire kommunestyre. I tillegg er det gjennomført ei orientering for Fellesnemnda i Sunnfjord kommune.

Planutvalet i Førde kommune har behandla saka, og som venta kom det til å handle mest om mineralnæringa og særskilt namnet «Nordic Mining i bestemt form», som det står i Firda.

Gruppeleiar Helge Robert Midtbø i Ap sa det slik, sitat: «Eg føler det blir for spesifikt. Vi er kjende med at det har komme opp alternativ. Då må vi som politikarar vere opne for det.»

Helge Schei i SV uttrykte seg slik: «Det har provosert meg veldig at Nordic Mining er nemnt, og at ein skal ha spesielt tett kontakt med dei. Eit stort fleirtal i Førde er imot sjødeponi, då kan vi ikkje la næringsselskapet gå aktivt inn for det, i alle fall ikkje når ein annan aktør kanskje kan få dette til på ein berekraftig måte.»

Begge desse utsegna treng ei forklaring.

Vi i Sunnfjord Utvikling AS er i dialog med alle aktørar som på lovleg vis er interesserte i eller har ønskje om å utvikle seg i Sunnfjord. Nordic Mining er eit av desse selskapa. Men det finst fleire. Derfor har vi også nemnt HVL, Fagskulen, Helse Førde, Peak Sunnfjord, Sparebankane, Lottstift, Norse Feedback, Coop, Nortura, Nordfjord Kjøtt, Tine, Enoro (HansenCX), Tibber m/fleire i Strategisk næringsplan.

Heldigvis har vi selskap som ønskjer å utvikle seg i vår region. Skape vekst og helst nye arbeidsplassar. Vi er nesten dagleg i kontakt med eit eller fleire selskap i vår region, mellom desse Nordic Mining.

Eg veit ikkje kva Helge Schei legg i «spesiell kontakt». For oss er ordinær kontakt nok, og det er derfor vi er eit utviklingsselskap med tett dialog med næringsaktørar og andre offentlege aktørar. At Nordic Mining blir nemnt i Strategisk næringsplan er ganske sjølvsagt. Sunnfjord har store naturressursar som kan resultere i nye arbeidsplassar på kort og lang sikt. Både i landbruket, i energibransjen og i mineralnæringa.

Vår jobb er ikkje å drive politikk, men forsøke å leggje til rette for utvikling i lag med aktørar som vil og kan. Nordic Mining er eit slikt selskap. Det same er Arctic Mineral Resources AS som vi nyleg hadde møte med.

Og det same er ei lang rekke selskap, heldigvis.

No kan du lese planen og seie di meining.

Rolf Sanne-Gundersen

Rolf Sanne-Gundersen Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags