Lokalt eigarskap - ei sak med fleire sider

UREDD: Arve Helle er ikkje einig i at Sunnfjord er i ferd med å bli ein filial-region. Han meiner vi ikkje må frykte bergensarane, men heller halde fram med å vise at vi fortener investeringar.

UREDD: Arve Helle er ikkje einig i at Sunnfjord er i ferd med å bli ein filial-region. Han meiner vi ikkje må frykte bergensarane, men heller halde fram med å vise at vi fortener investeringar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAirlift-direktør Stian Hårklau kjem i eit innlegg i Firda med nokre betraktningar rundt lokalt eigarskap og det han kallar filialregionen Sunnfjord. Innlegget kjem i kjølvatnet av debatten som har gått rundt fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK. Eg har ingen problem med å innrømme at Hårklau har fleire gode poeng i innlegget sitt, men samstundes føler eg for å nyansere bildet noko.

Eit spørsmål eg stiller meg er korleis ein definerer lokalt eigarskap. Frå 01.01.2020 blir vi ein del av Vestland fylke. Difor meiner eg fusjonssaka med BKK er eit dårleg døme å bruke. BKK er lokal i den grad ein definerer det nye fylket som lokalt. Ein har heller ikkje selt, men ein har tatt eigarposisjon i fylkets største selskap. Ein mindre eigardel vel å merke, men i eit betydeleg større selskap.

Er då ein eigar i Bergen lokal eller langt vekke? Er det verre at eigaren er lokalisert i Bergen enn til dømes i Vågsøy, som geografisk er like langt vekke for meg som held til i Dale? Eg ser ikkje den store skilnaden, men registrerer at nokon (ikkje Hårklau vel og merke) er opptekne av å male eit fiendebilde av den nye fylkeshovudstaden vår.

I mi eiga heimbygd finn vi fleire døme på bedrifter der eigarskapen er flytta vekk frå lokalmiljøet, men er desse bedriftene blitt noko mindre verdifulle for lokalsamfunnet? Nei, vil eg påstå.

Tidlegare Enoro starta med lokale eigarar og vart seinare eigd av osloselskapa Hafslund og Ferd (sistnemnde gjennom investeringsselskapet Herkules). No er eigarane australske Hansen utan at ein så langt ser ut til å ha teke skade av det. Tvert om; skal ei slik bedrift vekse og utvikle seg så vil eg påstå at ein er avhengig av å få tilført både kapital og kompetanse utanfrå. Alternativet vil fort vere stagnasjon.

Brødrene Dahl si vasskraftavdeling i Dale er eit anna døme. Her er vel heller ikkje eigaren verken lokal eller nasjonal, men det globale franske storkonsernet Saint-Gobain. Det har ikkje hindra BD si avdeling i Dale å vekse og levere svært gode resultat. Eg kan vidare nemne Avans, også dei lokalisert i mi eiga heimbygd. Her er bergensfamilien Rieber inne på eigarsida, men den daglege leiinga er framleis lokal, hovudkontoret ligg i Dale og filialen i Bergen.

Akkurat det med Rieber som eigar i Dale har lang tradisjon. Dei eigde i fleire tiår hjørnesteinsbedrifta skofabrikken og eg har enno til gode å høyre nokon av den eldre generasjonen klage over Rieber som eigarar, snarare tvert om.

Alle dei nemnde bedriftene sel varer og tenester på ein nasjonal og internasjonal marknad. Det å ha med seg industrielle eigarar som kjenner denne marknaden er i mange tilfelle både ein fordel og for så vidt avgjerande for veksten. Ein ting er kapitaltilførsel, ein anna ting er tilførsel av kompetanse.

Som den største eigaren i Sunnfjord Energi gjennom 20 år, har ikkje BKK berre tilført kapital. Dei har også tilført kompetanse og på den måten styrka miljøet i Sunnfjord. Hårklau viser i sitt innlegg også til Peak Sunnfjord og spør kven som skal gå inn med kapital i desse bedriftene når hovudkontorfunksjonar vert flytta vekk frå Sunnfjord. Vel, så vidt eg veit er det nettopp BKK som har gått inn med frisk kapital i det mest profilerte av selskapa i dette miljøet, Tibber. Saman med mellom andre Silicon Valley-baserte Founders Found, hotellkongen Petter Stordalen og laksearvingen Gustav Witzøe.

Då kjem vi til hovudpoenget mitt; det er ikkje alltid kor hovudkontoret ligg som er avgjerande, men at vi har dei rette folka med gode idear, kompetanse, sjølvtillit og stå på-vilje. Desse har vi i massevis både i Dale, Førde og elles i Sunnfjord og Sogn og Fjordane, og difor er det ingen grunn til at vi skal la husmannsånda råde og vere smålåtne.

La oss heie fram alle desse flinke folka og ha tru på oss sjølv, i staden for å la frykta for bergensarar, oslofolk og utlendingar som eigarar ta overhand.

Heilt avslutningsvis eit par ord om nettleiga. Det er ei sak som er viktigare enn å bli kalla populistisk. Næringslivet i nedslagsfeltet til Sunnfjord Energi får redusert nettleiga med ca. 30 prosent som følgje av fusjonen med BKK. Det betyr fleire titals millionar spart for næringslivet. Eg trur dei fleste næringslivsleiarane ser fram til å i staden kunne nytte desse pengane til å utvikle og investere i bedriftene sine til beste for dei lokalsamfunna desse bedriftene er ein del av.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags