SV sin kamp for rein Førdefjord

Magne Aardal, SV,

Magne Aardal, SV,

Av
DEL

Meiningar 

Privat aksjonær i Nordic Mining, Freddy Sørland, har fått det for seg at politisk engasjerte menneske ikkje bør stå på lista til politiske parti ved valet i haust. Ein merkeleg tanke. Han meiner i eit avisinnlegg i Firda 23.juli at nokre av dei som står på lista til Sunnfjord SV, ikkje bør stå der, fordi dei har engasjert seg i kampen mot Nordic Mining sine  planer om dagbrot og sjødeponi i Vevring! Sunnfjord SV har folk på listene som har eit brennande engasjement for  mykje, til dømes å betre skulekvardagen for både elevar, tilsette og foreldre, nokre  er opptatt av kulturpolitikk, andre for ein heiltidskultur i den nye kommunen.

Og slik kan ein halde på. Sunnfjord SV er stolte over å ha folk på listene som har ulike politiske engasjement, om ein bur i Vevring eller på Sande,  og som skjønar at å vere med i eit politisk parti er ein viktig del av det norske demokratiet. Vi har plass til alle i SV!

Så er Freddy Sørland opprørt over at SV sin ordførarkandidat, Åsmund Berthelsen, har bedd om at Fellesnemnda skulle få ei orientering om AMR sin planer. Ei slik orientering burde  vore sjølvsagt, i ei sak som truleg blir ein av dei største og viktigaste sakene i den nye Sunnfjor kommune!

SV vil halde fram kampen for ein rein Førdefjord, saman med engasjerte menneske, og difor bør  mange stemme på Sunnfjord SV ved valet til hausten!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags