Staten tappar fjord- og kystkommunane

LØYVER: Norske fjord- og kystkommunar løyver pengar for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Då er det og rimeleg at dei sit igjen med noko frå denne aktiviteten, skriv Høyanger-.ordførar Petter Sortland.

LØYVER: Norske fjord- og kystkommunar løyver pengar for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Då er det og rimeleg at dei sit igjen med noko frå denne aktiviteten, skriv Høyanger-.ordførar Petter Sortland. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg meiner fleirtalet i skatteutvalet for havbruksnæringa set ein ufullstendig diagnose og tilbyr feil medisin.

Utvalet vart sett ned for å vurdere korleis skattesystemet for havbruk burde bli forma ut for å bidra til at fellesskapet får ein del av den ekstraordinære avkastninga i oppdrettsnæringa.

Dette var særleg tufta på at Stortinget ønskte ordningar som sikrar vertskommunane stabile og føreseielege årlege inntekter, men fleirtalet i utvalet vil at inntektene i langt større grad skal gå til staten.

Staten får dermed avkastning og inntekter på arbeid som vert utført av kommunane. Det er i praksis det same som at staten tek frå fjord- og kystkommunane. Erfaring syner at dette resulterer i at ressursar skapt i distrikta vert omfordelte til sentrale strøk, som igjen er med å finansiere meir generell skattelette.

Norske fjord- og kystkommunar løyver pengar for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Då er det og rimeleg at dei sit igjen med noko frå denne aktiviteten.

Det er heilt naudsynt at dei som driv næringsaktivitet basert på lokale naturressursar har lokalsamfunnet med seg. Den aukande lokale motstanden mot utbygging av vindkraft på land er eit nytt kraftfullt eksempel på dette.

Høyanger kommune skal balansere ei rekkje omsyn. På den eine sida er det eit nasjonalt politisk ønske om vekst i oppdrettsnæringa. På den andre sida er det lokal arealkonflikt med innbyggarar, tradisjonelt fiske, og andre næringar, t.d. reiseliv. For å bøte på dette må kommunane få kompensert for ulempene.

I fleire år har vi sett at statlege tilbod og kapital vert flytta frå distriktet til sentrale strøk. Det fører til færre lokale arbeidsplassar, mindre attraktive, og meir sårbare distriktskommunar, og auka konfliktar. For å kompensere for noko av dette vart det vedteke ei ordning som vart kalla Havbruksfondet. Dei første utbetalingane frå fondet kom på hausten i 2017. Brorparten kom til utbetaling på hausten i 2018, og noko kjem til utbetaling hausten 2019. Utbetalinga går til alle vertskommunane for havbruk. Dette har gitt næringa meir legitimitet og meir aksept.

Høyanger kommune fekk i 2018 15,2 mill. kr frå Havbruksfondet. Utan desse pengane ville vi i langt mindre grad kunne legge til rette for oppdrettsaktivitet og anna næringsutvikling.

Eg meiner at den rette medisinen er å halde på ordninga med auksjonar og Havbruksfondet som i dag, men òg supplert med ei produksjonsavgift for å sikre vertskommunane meir føreseielege inntekter.

Fleirtalet i utvalet sitt framlegg svarar altså ikkje på Stortinget sine forventningar. Eg ber difor rikspolitikarane sjå til mindretalet som sikrar vertskommunane stabile og føreseielege årlege inntekter.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags