Konspirasjonsteoriar, eller grunngitt bekymring?

KRITSISK: Artikkelforfattarer er kritisk til det han oppfattar som rolleblanding og samarbeid på tvers av ulike interesser i Engebø-sakak. Bildet er frå Kommunestyret i Naustdal, der SVs Åsmund Berthelsen og Ole Erik Thingnes er i samtale med Tore-Viana Rønningen.

KRITSISK: Artikkelforfattarer er kritisk til det han oppfattar som rolleblanding og samarbeid på tvers av ulike interesser i Engebø-sakak. Bildet er frå Kommunestyret i Naustdal, der SVs Åsmund Berthelsen og Ole Erik Thingnes er i samtale med Tore-Viana Rønningen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDokumentasjonen på forholda som er nemnd i dette innlegget er sendt til Firda. Eg vil utlevere den på førespurnad.

Den 17. juli kom Ole Erik Thingnes og Åsmund Berthelsen med tilsvar som kan samanfattast til å vere eit forsøk på å diskreditere meg og mine meiningar. Bakgrunnen for dette er at eg er open om at eg aksjonær i Nordic Mining og samstundes oppfordrar lesarane til å vere kritiske til SV i Engebø-saka, fordi det er forhold som tydar på rolleblanding. Ein kunne kanskje forvente at ein ordførar- og førstekandidat ville ha teke ein slik påstand om rolleblanding seriøst og bedt om ein nærmare forklaring. I staden bruker Berthelsen hersketeknikk som latterleggjering for å undergrave innlegget mitt. Det same verkemiddelet nytta han i innlegget om Fellesnemnda når dei avviste hans initiativ om å la AMR presentere sine planar. Dette verkar til å vere eit mønster som går att i innlegga hans.

Åsmund Berthelsen sin reaksjon overraskar meg, sett i lys av at SV Sunnfjord i samband med handsaminga av reguleringsplanen for Engebø, har bedt om at det skal gjennomførast ei habilitetsvurdering av fleire personar i kommunestyret i Naustdal på grunn av påstått rolleblanding i forhold til Nordic Mining. Er dette også ein konspirasjonsteori eller er det berre SV Sunnfjord som har rett til å stille spørsmål ved habiliteten til andre politikarar?

Vevring med sine knappe 300 innbyggjarar, er ein plass der alle kjenner alle. Mange frå dette området har engasjert seg politisk og då spesielt i SV Sunnfjord (Naustdal). To av eigarane i AMR (Veronica Standal/Stian Thingnes) har tidlegare vore på partilista til SV Naustdal medan Engebø-saka var til handsaming. Stian Thingnes har også ein bror som var aktiv i SV Naustdal i fleire periodar. Begge eigarane i AMR var aktive i partiet samstundes som Ole Erik Thingnes eller Åsmund Berthelsen. I tillegg til dette har Åse Marie Thingnes (eigar i AMR), som er gift med Stian Thingnes, delteke saman med Ole Erik Thingnes i fleire avisintervju, der dei saman har fronta saka mot Nordic Mining og gruveplanane. Dei har også vore saman om arrangement i regi av Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, der både dei og Laila Claussen som også er representant frå SV Sunnfjord, har hatt leiande roller i samband med å organisere motstanden mot Nordic Mining og gruveplanane. Åse Marie Thingnes har også stilt opp saman med Claussen i avisintervju der dei saman frontar saka mot Nordic Mining og feira den fyrste avgjerda frå Miljødirektoratet. Med unntak av Berthelsen, bur alle på Vevring.

Fleire i SV Sunnfjord har vore aktive i media. Laila Claussen uttaler følgande som leiar for Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, rett etter Nordic Mining fekk løyve sitt frå regjeringa:
«Dei kunne gått for eit nedskalert og berekraftig prosjekt, men legg seg heilt flate, seier leiar Laila Claussen» (NRK Sogn og Fjordane, 17. april 2015)
Med bakgrunn i Claussen sitt ordval her om eit «nedskalert og berekraftig prosjekt» skulle ein tru at ho allereie i 2015 lanserte konseptet for AMR sidan dette er den same skildringa som vert nytta når AMR og deira støttespelarar snakkar om prosjektplanane.

Ole Erik Thingnes har også hatt ei aktiv rolle i media og har uttalt følgande: «Det er nå vi må påverke og spreie informasjon. Alle bruker nettverket vi har, sier Ole Erik Thingnes, som i en årrekke vært en aktiv miljøforkjemper i Vevring» (Vårt Land 16. mai 2015)
Dette utsegna frå ein sentrale person i SV Sunnfjord (Naustdal) er ikkje med på å auke tilliten til at det ikkje oppstår rolleblanding og samarbeid på tvers av ulike interesser i saka. Når ein i tillegg ser dette opp mot dei små tilhøva på staden og dei relasjonane som eksisterer der, meiner eg at dette til saman er ein god grunn til å vere skeptisk til det som kjem frå SV Sunnfjord i denne saka.

Berthelsen skriv at han ikkje har bedt om noko anna enn å la AMR orientere Fellesnemnda. Dersom ein ser på fleire av innlegga frå Thingnes som uttaler seg på vegner av SV Sunnfjord (Naustdal) om det same temaet, er det ingen tvil om at Thingnes gjev uttrykk for at partiet vil at Engebø-saka skal handsamast av Fellesnemnda eller overlatast til Sunnfjord kommune for handsaming. Dette går fram av hans innlegg datert 27. juni 2018, «Politikk eller polemikk», samt innlegget datert 27. juni 2019, «Framtidsretta vedtak Myrvang?». I teksten til bildet som er nytta for å illustrere innlegget «Framtidsretta vedtak Myrvang?» står det at Berthelsen også har bedt om å få saka overført til Sunnfjord kommune. Å få legge fram AMR sine planar for Fellesnemnda vil vere det fyrste steget på vegen for å oppnå akkurat dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags