Ein trestokk sin lagnad

LANG FERD: Ein tømmerstokk frå Sunnfjord får ei lang ferd til Tyskland før den kjem heim, skriv artikkelforfattaren

LANG FERD: Ein tømmerstokk frå Sunnfjord får ei lang ferd til Tyskland før den kjem heim, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

Meiningar

Eg var ein trestokk frå indre Sunnfjord. Ganske velvaksen vil eg seie; høg og kraftig og snorande bein.

Etter 70 år i det store plantefeltet kom ei diger hogstmaskin og la meg flat. Kvista og kappa. Nedste delen var over 5 meter og nesten ein kubikkmeter. No skulle eg brukast til noko, kome til nytte, for eg var ein verdifull ressurs.

Men det skulle verte ei lang ferd. Fyrst med bil til Vadheim og lagt i haugar på kaia. Her saman med hundrevis av andre stokkar frå Sunnfjord og Sogn. Her låg me lenge. Endeleg kom ein båt og tok oss med. Berre til Sløvåg, der vart det ny venting. Men haugane voks, stokkar frå halve Vestlandet samla seg her.

Utpå hausten kom den store båten og tok med alle til Tyskland. Eg vart eksportert ! Vidare gjekk det kvikt til sagbruket inne i landet. Det meste av meg hamna i ein limtredragar, noko i massivt tre og resten i ei lafta hytte.

Soga mi fekk ein lukkeleg slutt: Eg vart som ferdig produkt importert til Noreg og hamna i eit nytt hus i Førde. Hurra, endeleg heime att.

Men eg funderer litt. Kunne eg ikkje som nyhoggen stokk køyrd ein svipptur til det store Fundo-huset i Høyanger ? Der kunne dei saga, tørka og limt meg saman att. Fundo-huset er særs godt eigna til det. God plass, rimeleg kortreist kraft og rikeleg tilgang på varme til tørking.

Det ville vel gjeve mindre CO-2 utslepp, lokale arbeidsplassar og betre handelsbalanse ?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags